print

Drikke til elg

Elgkjøtet har ein grov tekstur som kan minne om storfekjøt, men det er mykje magrare og kan verke noko tørt. Det har òg moderat med viltsmak, derfor har tilbehøyr og saus mykje å seie når vi skal velje vin.

Elg er det viktigaste jaktbare viltet vårt. Kjøtet kan brukast både som biff, roastbiff og steik, det kan gravast, spekjast eller brukast i viltgryte.

Vin med mykje tannin vil få kjøtet til å verke endå tørrare. Prøv derfor heller litt mjuke, smaksrike, saftige vinar, til dømes av Sangiovese, ZinfandelPinot Noir eller Syrah. Dersom sausen er veldig feit, med mykje fløyte og brunost, vil friskleiken i desse vinane piffe opp retten.

Dersom elgkjøtet blir servert med enkelt tilbehøyr og sjysaus, kan du velje ein vin som ikkje er fullt så fyldig, men som i staden har litt større konsentrasjon. Det kan til dømes vere ein Crozes Hermitage, ein Barbera frå Piemonte, Cabernet Franc frå Loire eller ein côte du rhône.

Til ein gryterett kan du godt velje ein meir robust vin sidan dei ulike smakselementa blir meir diffuse i ein slik rett. Men han bør framleis vere saftig og ikkje ha for mykje tannin. Ein Primitivo frå Puglia eller ein litt fyldig vin frå Languedoc-Roussillon eller Côtes du Rhône vin høver godt.

Grave elgkjøt og ein smaksrik kvitvin som Pinot Gris eller Gewurztraminer frå Alsace er ein klassikar. Riesling er óg eit høveleg alternativ.