print

Graviditet og alkohol

Forsking viser at alkohol er skadeleg for fosteret. Er du gravid, eller planlegg du å bli det, har vi berre eitt råd å gi: Ikkje drikk alkohol!

Konsentrasjonen av alkohol blir den same i blodet til barnet som i blodet ditt. Forskjellen er at dei uutvikla organa til barnet ikkje kan uskadeleggjere alkoholen like fort.

Haldningane og livsstilen til den kommande faren har òg mykje å seie for den gravide. Begge foreldra bør ta ansvar for barnet og sørgje for å gi det ein god start.

Kva så med ammeperioden? Eitt glas vin eller øl i eit festleg høve skadar nok ikkje barnet. Men dersom du vil vere på den heilt sikre sida, bør du ikkje drikke alkohol når du ammar.

For meir informasjon sjå nettsidene til:
Sosial- og helsedirektoratet
Folkehelseinstituttet

Graviditet og alkohol Foto: Gunnlaug Moen Hembery