
Vinområda i verda
Vinproduksjon er stor industri når vi ser på kva mengder som blir laga kvart år. Det kan vere lurt å ha nokre tal for seg når vi her innleier ein ganske omfattande tur innom produsentlanda.
Europa står for meir enn to tredelar av vinproduksjonen i verda, som årleg er på 25–30 milliardar liter (250–300). Det blir dyrka druer i større skala i nær sagt alle land i Sør- og Mellom-Europa, og så langt nord som til midt i Tyskland. Det blir òg laga store mengder vin i dei andre verdsdelane. Amerika står for 18 prosent, med USA, Chile og Argentina som dei viktigaste produsentlanda. Dei siste 7 prosentane deler Afrika, Oseania og Asia seg i mellom, med dei to førstnemnde som dei største.
Den samla produksjonen har i verdsmålestokk gått tilbake 25 prosent dei siste 15–20 åra på grunn av mindre forbruk av billig bordvin i dei store produsentlanda. Men framstillinga av kvalitetsvin har auka.
15–20 prosent av all vin kjem i verdshandelen. Spesielt er Tyskland og Storbritannia store importørar. I dag er det ubalanse i produksjon/etterspurnad, med den følgja at bransjen slit med for store avlingar.

