Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Østerrike

Østerrike.jpg

Austerrike er meir enn berre naboen til Tyskland. Landet kan mellom anna skryte av ein eigen druetype og nokre flotte raudvinar.

 

Det er mykje fjell i Austerrike, men det er ikkje på fjellet vinmarkene ligg. I den austre delen av landet er det flatare og eit betre klima for kresne druer. Det er likevel ein del forskjellar mellom regionane som gjer at dei dyrkar forskjellige druetypar og lagar vin i ulike stilar.

Tørre kvitvinar

Riesling frå Wachau og Kamptal gir friske og delikate vinar. Austerrike har òg ein druetype som dei kan kalle sin eigen: Grüner Veltliner. Han gir feite og djupe vinar, gjerne med eit kledeleg preg av kvit pepar og karse. Nokre lagrar vinane på fat, men dei fleste har ikkje fatpreg.

Søte kvitvinar

Rundt Neusiedlersee er forholda optimale for edelròte, som gir konsentrerte og komplekse dessertvinar. I andre område kan dei hauste druene etter frosten og lage superintens eiswein. Eller dei haustar druene så seint at dei nesten har blitt rosiner.

Raudvinar

Det kjem kanskje som ei overrasking på deg, men Austerrike har fått dreisen på raudvin. Dei beste er djupe og intense, samtidig som dei er tydeleg friske og med livleg fruktigheit. Blaufränkisch har noko peparaktig, mens St. Laurent blir samanlikna med Pinot Noir. Zweigelt er ei krysning mellom dei to.

Rosévin

Den austerrikske spesialiteten schilcher frå Steiermark er noko av det friskaste som finst av rosévin.

Lover og reglar

I grove trekk blir austerriksk vin delt i tre nivå: wein, landwein og qualitätswein. Mesteparten av vinen som blir produsert i Austerrike, høyrer til den siste og beste kategorien. Desse vinane blir tappa med flasketopp som er farga raud og kvit, som flagget. Dette er eit teikn på at vinen oppfyller ein del krav, som druetype, modning og avkastning. Vinen har òg gått gjennom ein kjemisk analyse og smaking før han er godkjend. Den generelle kvaliteten på austerriksk vin tyder på at desse systema fungerer, men det er likevel kvalitetsforskjellar mellom vinar merkte med det same kvalitetsnivået.

Statusområde

I Austerrike har ni område fått status som spesielt bra. For at produsentane skal kunne merke vinen som ein DAC-vin (Districtus Austriae Controllatus), må dei bruke druetypar som er tillatne i det området, i tillegg til å følgje ein del andre krav. I DAC Weinviertel er det for eksempel berre lov å bruke Grüner Veltliner. Vinar med DAC kan vere merkte som klassik eller reserve,der den siste har meir alkohol på grunn av betre modning på druene. Nokre er òg merkte med enkeltvinmark.

Prädikatswein

Som Tyskland har Austerrike òg namn, eller såkalla predikat, for ulike nivå av druemodning, sukkerinnhald i druene og om det skal brukast ferske, tørka eller edelròteangripne druer. Om det står eit predikat på etiketten til ein austerriksk vin, kan du rekne med at vinen er søt. Har han ikkje predikat, kan du rekne med at han er tilnærma tørr.
Eksempel på predikat: Beerenausleseer søt vin basert på skikkeleg modne druer, der ein del skal vere angripne av edelròte. Eiswein er intens og søt vin basert på skikkeleg modne druer som blei pressa mens dei var frosne.

Tips

I Burgenland lagar dei raudvin med druetypen Blaufränkisch. Dei kan ha mørk fløyelsfrukt kombinert med livlege tonar av blomar og anis.