Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Argentina

Argentina.jpg

Argentinarane elskar kjøtt, og det er fyldige raudvinar dei lagar mest av. Men kvitvin kan òg halde høg kvalitet her oppunder Andesfjella.

 
Det fotballgale landet som dekkjer store delar av sørspissen på kontinentet, har eit klima som er godt eigna for vindyrking. Sola skin om sommaren, vintrane er passe kjølige, og det regnar lite.
Andesfjella sørgjer for høgd som motverkar den verste varmen, og smeltande is frå fjella gir tilgang på vatn.
Dei to store vinlanda i Sør-Amerika, Argentina og naboen Chile, har begge ein moderne, effektiv vinindustri. Klimaet er meir stabilt enn i Europa, dermed er det mindre som kan gå gale.
Derfor kan landa i Sør-Amerika tilby god kvalitet til ein lågare pris samanlikna med mange land i Europa.

Raudvin

Det første mange tenkjer på når dei høyrer orda vin og Argentina saman, er Malbec. Drua stammar frå Bordeaux, blir brukt i franske Cahors, men er no aller mest kjend frå Argentina.
Malbec-vin smaker av mørke bær, krydder og gjerne noko kjøttaktig. Fatlagring er vanleg, og dette er fyldige, kraftige og alkoholrike vinar.
Nesten all vin i Argentina blir laga i vest, og områda San Juan og Mendoza står for bortimot heile produksjonen. Mendoza er klart størst.
Nokre produsentar, særleg i høgda, søkjer ein friskare, meir elegant, europeisk stil på raudvinane sine. Andre franske druer som Cabernet Sauvignon og Syrah er òg vanlege i Argentina. Det er vanleg å blande Malbec og Cabernet Sauvignon.

Kvitvin

Den lokale, aromatiske Torrontés er den fremste grøne drua i Argentina. Vinane luktar og smaker av fersken, blomar og krydder. Ho kan minne om Muscat eller Gewürztraminer.
Området Salta ligg ein del lenger nord enn Mendoza, men her òg blir det laga god vin, både raud og kvit. Torrontés er den viktigaste drua her.
Sidan området ligg nærmare ekvator, krev det meir høgd for å kjøle ned druene. Og i Salta ligg vinmarkene på mellom 1700 og 3000 meters høgd!
I Río Negro-området lenger sør, i Patagonia, er det kjøligare. Her trivst Sauvignon Blanc, Chardonnay, Chenin Blanc og andre franske druetypar godt.

Tips

Vil du prøve litt lettare raudvin frå Argentina? Nokre produsentar lagar Pinot Noir i ein litt kjøligare og meir elegant stil. Særleg frå vinmarker i Patagonia i sør, og på rundt 1000 meters høgd i Uco-dalen i Mendoza.