Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Bosnia-Herceg.

Bosnia.jpg

Vin frå Bosnia-Hercegovina har historiske røter, men er ikkje så vanleg i Noreg.

 

Bosnia-Hercegovina er eit ukjent vinland, men her er det blitt laga vin i mange hundre år. Krigen frå 1992 til 1995 sette produksjonen tilbake i fleire område, blant dei det viktigaste vinområdet: Mostar.
I 2014 fekk landet ei ny vinlov, som tek sikte på å løfte kvaliteten og få meir vinproduksjon inn i lovlege og kontrollerte kanalar.

Druer

Den mest kjende drua er grøn og heiter Zilavka. Ho gir aromatisk kvitvin med eit nøttepreg, god fylde og frisk syrlegheit. Druetypen er omtalt i skrifter som er 600 år gamle.
Det blir laga både raudvin og kvitvin i Bosnia-Hercegovina, både av internasjonale druetypar som Merlot og Cabernet Sauvignon og av lokale variantar som Blatina, Trnjak og Kambusa (lokalt namn på drua Alicante Bouschet, kjend frå Portugal).