Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Brasil

Brasil.jpg

Brasil har bevist at det går an å lage god vin sjølv i tropiske strøk.


Brasil er meir kjent for fotball, strandliv og regnskog enn for vin. Det er 500 år sidan dei første vinplantene kom til landet, men vinproduksjonen har aldri teke heilt av.
Landet har rett nok store område der det blir dyrka druer, men mykje av dette går til etedruer og druejuice. Og under 10 prosent av vindruene som blir dyrka, høyrer til den europeiske arten Vitis vinifera, som gir vin av høgare kvalitet enn amerikanske artar og hybridar.
Lokalbefolkninga i Brasil drikk lite vin.

Klima

I Brasil er det tropisk klima, det vil seie varmt og fuktig. Derfor går vinproduksjonen føre seg sør i landet, så langt unna ekvator som mogleg.
Som i nabolandet Argentina søkjer produsentane mot høgareliggjande strøk for å kjøle ned druene. Her kan det regne mykje, og det er ikkje alltid så lett å få druene heilt modne.

Druer

Brasiliansk raudvin av god kvalitet blir laga av internasjonale druer som Cabernet Sauvignon og Cabernet Franc, men også av druer som er meir kjende frå den tidlegare kolonimakta Portugal: Touriga Nacional og Tinta Roriz (kjend som Tempranillo i Spania).

Kvitvin blir ofte laga av internasjonale druer med opphav i Frankrike, som Chardonnay og Viognier.
Dei lagar òg musserande vin i Brasil. Tørre variantar er gjerne baserte på «champagne-druene» Chardonnay og Pinot Noir, mens søtare variantar blir laga av Moscato. Desse får gjerne eit meir tropisk uttrykk enn vin av same drua frå for eksempel Italia.