Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Hellas

Hellas.jpg

Med si mange tusen år lange vinhistorie hevdar grekarane at det var dei som lærte resten av verda å lage vin. Etter mange år i bakevja er grekarane igjen i ferd med å vise verda kva dei er gode for.

 

Varmt og fjellrikt


Det blir dyrka vin i heile landet, og nokre av områda er blant dei varmaste vinområda i verda. Stadig fleire av dei greske vinmakarane trekkjer derfor oppover fjellsidene for å få eit litt kjøligare klima for druene.

Meir enn retsina


Den mest kjende greske vinen er retsina. Det er ein tørr kvit-, raud- eller rosévin som er smaksett med kvae. Kvaa eller harpiksen gir vinen ein spesiell smak. Retsina kan lagast over heile landet, men vanlegvis blir han produsert rundt Athen. Det er så mykje spennande som skjer elles i landet, så viss du skal prøve berre éin vin frå Hellas, bør du prøve noko anna enn retsina.

Raudt på land, kvitt på øyane


Litt enkelt sagt kjem dei beste raude vinane frå fastlandet, og dei beste kvite kjem frå øyane. Ikkje la vanskelege druenamn skremme deg frå å prøve ut noko av det beste Hellas har å by på.

  • Assyrtiko gir friske og knastørre kvitvinar som kan minne om Chablis.
  • Moschofilero er ei kvitvinsdrue som gir svært aromatiske vinar.
  • Xynomavro er den dominerande raudvinsdrua i nord. Vinane av denne drua er friske og tanninrike.
  • Agiorgitiko gir fruktige raudvinar med mjuk munnkjensle. Det er Hellas’ mest planta raudvinsdrue.

Tips!


Raudvin frå Naossa i nord og kvitvin frå øya Santorini er verdt å leggje merke til.