Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

India

India.jpg

Indisk vinindustri er framleis på spedbarnstadiet, men med ein veksande middelklasse og auka kunnskap om det å lage vin, er landet på full fart inn i vinverda.

Ikkje eigentleg eit vinland

Det er mykje som talar mot at India skal kunne hevde seg som vinproduserande land. Trass strenge alkohollover og skattereglar, tropisk klima og manglande vinkultur veks vinmarkene i India, og vinkonsumet er aukande.

Område

India dyrkar store mengder druer, men dei aller fleste blir brukte til rosiner og etedruer som ikkje er eigna til vinproduksjon. Vinmarkene i India ligg stort sett midt i landet, på vestsida. For å utjamne den mest ekstreme varmen er det spesielt dei høgareliggjande områda som eignar seg til vindrueproduksjon.

Maharastra, inn i landet for Mumbai, har fleire etablerte vingardar.
Karnataka, inn i landet for Goa, er eit anna område som er i vekst.

I begge desse områda finst det pionerar med ambisjonar om å lage kvalitetsvin som kan konkurrere internasjonalt. Vinmakarar med trening frå meir berømte og tradisjonsrike vinland tek med seg kunnskap om druer og metodar til India.

Druer

India har ingen eigne vindruer, men lagar vin på importerte druesortar som vi kjenner frå Europa og USA. Ei vinlov slik vi kjenner frå EU, finst ikkje her. Det vil seie at det ikkje er nokon avgrensingar i korleis vinen skal lagast med tanke på druer, teknikkar eller lagring. Vinplanta kan i dette klimaet gi store avkastningar med to eller fleire avlingar i året. For kvalitet i vinen er avgrensingar på avkastninga avgjerande.