Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Libanon

Libanon.jpg

Sjølv med vintradisjonar mange tusen år tilbake i tid er det Frankrike som har hatt størst påverknad når det gjeld korleis vin blir laga i Libanon i dag.

Vin frå høgda

Bekaadalen er Libanons desidert viktigaste senter for vinproduksjon. Dalen, som i praksis er eit platå mellom Libanonfjella i vest og Antilibanon i aust, ligg på 1000 meters høgd. Høgda kombinert med lange somrar, kalde netter og nok vatn tek vare på det livlege og friske i vinane herifrå.

Vinane blir laga etter mal frå Bordeaux i Frankrike, men vinane herifrå er fulle av austleg mystikk og nordafrikanske aromaer som tørka frukt og varme krydder.

Viktige druer

Det blir dyrka rundt 30 forskjellige druesortar i Libanon. Dei vanlegaste raude er Bordeaux-druer som Cabernet Sauvignon og sørfranske druer som Syrah, Cinsault og Carignan. Chardonnay, Sauvignon Blanc og Viognier er dei vanlegaste kvitvinsdruene.
I tillegg til dei klassiske og velkjende druetypane finst det nokre overraskande variantar. Obaideh og Merweh er lokale variantar som viser seg å ha same DNA som Chardonnay og Sémillon.

Nye tider

Om ikkje vinproduksjon er utfordrande nok i seg sjølv, må Libanon i tillegg leve med krigar, spente politiske forhold og ekstreme religiøse uttrykk. Det har likevel ikkje hindra Libanon i å oppleve ein liten eksplosjon av nye vinprodusentar. Mange har opplæring frå Frankrike, og mange har stor utforskartrong. Nye område blir oppdaga og planta. Område i austre Bekaa, Batroun og Jezzine er verdt å følgje med på.