Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Marokko

Marokko.jpg

Marokko er eit land med liten produksjon og eksport av vin, men som har stort potensial når det gjeld både volum og kvalitet.

Mykje raudt, litt kvitt

Det blir laga mest raudvin i Marokko. Dei vanlegaste druene er Carignan, Cinsault, Cabernet Sauvignon, Merlot, Syrah, Alicante og Grenache. Vin Gris er ein lys oransjeraud rosévin laga på Cinsault, og er ein av dei mest kjende vinstilane i landet. Kvitvinsproduksjonen er forsvinnande liten, men det finst mellom anna nokre fyldige kvitvinar laga på Clairette og Muscat.

Viktige område

Méknes-regionen nord i landet og området rundt Berkane på grensa til Algerie er tradisjonelt sett dei mest kjende områda. Det har vore store nyplantingar rundt Ben Slimane inn i landet ved Casablanca, og i Beni Mellal, eit innlandsområde nordaust for Marrakech. Innlandet rundt Zaër, ikkje langt frå hovudstaden Rabat, er òg verdt å følgje med på.

Vinlov

Vinlova i Marokko er laga etter modell av den franske. Appellation d’Origine Garantie (AOG) er ei geografisk inndeling som avgrensar avkastninga noko. Bortsett frå det er det få krav, og lova gir ingen reell garanti for kvalitet.

Tidlegare storindustri

På 1950- og 1960-talet leverte Marokko store mengder vin til Frankrike som inngjekk i blandinga til ein del franske kvalitetsvinar. Med framveksten til EF, seinare EU, blei Marokko frose ut av handelsavtalar, og den marokkanske vinindustrien blei pulverisert.