Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

alkoholfrie-drinker-artikkelbilde.jpg
Foto: Erik Thallaug

Alkoholfrie sommardrinkar

No er det tid for sommarlege selskap med familie og venner. Her far du oppskrift på seks leskande sommardrinkar som kan nytast av alle.


Mykje meir om «mocktails» i Vinbladet (PDF).
 

Alkoholfri frosen jordbær-daiquiri

Ein iskald drink med frisk smak av jordbær.

Dette treng du:

  • ei handfull jordbær
  • 1 ts sukker
  • litt pressa limejuice
  • knust is
  • eit jordbær til pynt

Slik gjer du:

Ha alle ingrediensane i ein blender, og køyr dei til ein «slush». Hell over i eit cocktailglas, og pynt med eit jordbær. Tidleg i sesongen kan du eventuelt forsterke jordbærsmaken med litt jordbærsirup. Du kan òg bruke frosne jordbær. Då treng du ikkje is, men kan eventuelt justere konsistensen med vatn.

 

Cinderella

Ein frisk drink med tropisk fruktsmak.

Dette treng du:

  • 5 cl appelsinjuice
  • 5 cl sitronlimonade
  • 5 cl ananasjuice
  • nokre dropar grenadine
  • boblevatn eller soda
  • ei sitronskive til pynt

Slik gjer du:

Fyll ein shaker halvfull med is, og hell i alle ingrediensane bortsett frå boblevatnet. Rist godt. Sil over i eit cocktailglas, og fyll opp med boblevatn. Pynt med sitron.
Drinken har namn etter eventyret om Oskepott.

 

Shirley Temple

Ein drink som kombinerer søt eplesmak og ingefær.

Dette treng du:

  • to delar ingefærøl
  • ein del eplemost
  • nokre dropar grenadine
  • eit maraschino-kirsebær til pynt

Slik gjer du:

Kjøl ned eit coctailglas med isbitar, men hell ut isen før du lagar drinken. Bland eplemost og grenadine, og topp med ingefærøl. Pynt med eit maraschino-bær.

Cocktailen blei funnen opp i Beverly Hills på 1930-talet og har namn etter den store barnestjerna på den tida, Shirley Temple.

 

Virgin mojito

Ein syrleg-søt drink med aroma av mynte og lime.

Dette treng du:

  • Ei handfull fersk mynte
  • 1/2 lime
  • 2 ts brunt sukker
  • 2 dl soda – eller nøytralt mineralvatn.
  • Vil du ha drinken søtare, kan du bruke sitronbrus.
  • lime og mynte til pynt

Slik gjer du:

Del ein halv lime i fire bitar, og legg dei i eit rocksglas saman med sukker og mynte. Bruk ein  muddler eller ei skei til å presse safta av limebitane. Det frigjer aroma frå limen og mynten. Ha i knust is, og fyll opp med sitronbrus eller mineralvatn. Rør og pynt med lime og mynte.

 

Virgin Mary

Ein smaksrik, men ikkje for søt drink du enkelt kan tilpasse krydderet etter kor sterk du liker han.

Dette treng du:

  • tomatjuice
  • safta av en halv sitron eller lime
  • 2–3 dropar tabasco
  • 2–3 dropar Worcestershire-saus
  • litt salt og pepar
  • ein selleristilk til pynt

Slik gjer du:

Fyll eit highballglas halvvegs opp med isbitar. Ha i Worcestershiresaus, tabasco, pepar og sitronsaft og rør rundt. Hell over tomatjuice og rør. Smak til med salt, og pynt med ein selleristilk. Bloody Mary er oppkalla etter den «blodige» engelske dronning Mary den første, har den alkoholfrie varianten namn etter jomfru Maria.

 

Is-sjoko-cola

Ein litt annleis drink med sjokolade og hint av kaffi og cola.

Dette treng du:

  • 20 g mørk sjokolade
  • 1 ts sukker
  • litt sterk, varm kaffi
  • 2 dl mjølk
  • 1 dl iskald cola
  • ein sjokoladebit til pynt

Slik gjer du:

Løys opp sjokolade og sukker i den varme kaffien, og hell blandinga i eit highballglas med isbitar. Fyll på med mjølk, og rør. Topp med cola. Smelt eit hakk i sjokoladebiten med ein varm kniv, og set han på kanten av glaset.