Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Tilbake

Hugs alkoholfritt

Dei som ikkje ønsker eller kan drikke alkohol, skal også få noko godt i glaset.
Hugs alkoholfrittliten.jpg
Foto: Moment Foto

Den tida er forbi då alkoholfritt hos Vinmonopolet var halvgode alkoholfrie vinar. Plassen i alkoholfrihyllene er no vigd fruktmostar, leskedrikkar og alkoholfrie øl av topp kvalitet.

Også dei alkoholfrie vinane er kvalitetssikra og nøye utvalde. Det er hyggelig å servere noko spennande og godt i glaset for dei som ikkje kan eller vil drikke alkohol.
 

Kva er alkoholfritt?

Alkoholhaldig drikke er definert som drikke med meir enn 2,5 prosent vol. Alkoholfri drikke er dei som inneheld under 0,7 volumprosent alkohol. Drikke som inneheld mellom 0,7 og 2,5 prosent alkohol, blir kalla alkoholsvak. Det er 18 års aldersgrense for all drikke med over 0,7 volumprosent, altså for alkoholsvak drikke òg
 

Eple- og bærmostar

Most skal vere laga av fersk frukt og bær og ingenting anna. Ein eplemost er derfor noko heilt anna enn eplejuice eller eplenektar, som er laga av konsentrat eller råsaft blanda med sukker og vatn. Til mat er dei friske og fruktige mostane veldig høvelege. God eplemost smaker slik gode eple gjer. Eplemost liknar òg på vin; dei kan vere komplekse med mange forskjellige aromaer litt avhengig av kva slags type eple som har blitt brukt. Mange eplemostar er smaksette med andre frukter eller bær. Då blir det spennande smakar og fine fargar. 
 

Alkoholfri vin

Dei gode alkoholfrie vinane har ei fruktigheit som kan minne om den ein finn i vin med alkohol. Du kan velje mellom kvite, rosa, raude og musserande alkoholfrie vinar. 
 
Alkoholfri vin har vore ein vin med alkohol. Ved hjelp av ganske avanserte metodar blir mesteparten av alkoholen fjerna. Vinen går gjennom fleire arbeidskrevjande prosessar med gjæring og avalkoholisering. Derfor er dei relativt dyre. 
 
Alkoholen gjer vinane fyldige og søte og fungerer òg som ein smaksforsterkar som gir vinen meir aroma. Alkoholfrie vinar har som regel ein del sukker for å kompensere for manglande alkohol. 
 

Alkoholfritt øl 

Øl er laga av korn, vatn, gjær og humle, anten det er alkoholfritt eller ikkje. Dei fleste alkoholfrie øla blir bryggja som vanlege øl, men gjæringa blir stoppa før det blir produsert noko særleg alkohol. Dermed får du ein del av smaken frå gjæren, som litt fruktigheit, utan at det er meir enn maks 0,7 prosent alkohol i det ferdige ølet. 
 
Før smakte dei fleste alkoholfrie øla ganske likt dei lyse og kornprega pilsnerøla. No kan du velje mellom fleire forskjellige stilar. Som for vanleg øl er det ulike typar malt, korn, humle og gjær som gir desse forskjellane.