Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

vinmakere-alto-piemonte.jpg
Foto: Trond Erling Pettersen

Vaknar til liv igjen

Alto Piemonte ligg klemt inne mellom Alpane og storebrørne Barolo og Barbaresco. Men no vil veslebror opp og fram. Væpna med Nebbiolo og nye tankar.


Piemonte tyder «ved foten av fjellet», og i Gattinara er ikkje dét vanskeleg å forstå. Utsikta mot vinmarkene og Alpane vekkjer åtgaum.

Det er ikkje så lett å finne Alto Piemonte, verken på eit kart eller på ein vinetikett. Dessverre. For området er vakkert, det er lett å reise hit (under ein time å køyre frå flyplassen i Milano), og her blir det laga spennande vin i alle fargar.

Du har truleg smakt han, til og med, men kanskje utan å vere klar over at han kjem herifrå.
 

UNDER ALPANE

Vi står på ei høgd i Gattinara, ein by i Nord- Italia med 8 000 innbyggjarar. I nord lyser snødekte fjell mot oss, mellom dei Monte Rosa, det nest høgaste fjellet i Alpane. I sør ligg eit langstrekt og fruktbart slettelandskap, det blenkjer i risåkrane som er fylte med smeltevatn frå fjella.

«Risen blir fødd i vatn og druknar i vin», lyder eit lokalt munnhell. For dette er ikkje Pasta- og Tomat-Italia. Her er det risotto, smør, ost og spekemat som gjeld.

Det er Nebbiolo-drua som regjerer her oppunder Alpane, akkurat som i dei meir kjende områda Barolo og Barbaresco i Langhe- distriktet lenger sør.

Kanskje har du smakt ein rosévin frå Piemonte? Ein av dei som blir lanserte med brask og bram kvar vår? Han kjem truleg herifrå og er laga av nettopp Nebbiolo. Men stadig fleire ser mot Alto Piemonte også når det er snakk om raudvin av topp kvalitet.

Alto Piemonte er ei uformell nemning på heile området og er altså sjeldan nemnt på flaskene. Raudvinen får i staden namn etter landsbyen han kjem frå.
 

GAMMAL STORHEIT

For litt over hundre år sidan hadde vin frå Gattinara, Ghemme, Boca og dei andre landsbyane i Alto Piemonte eit stort namn. Flaskene herifrå kosta meir enn Barolo og Burgund, og vinran- ker dekte åssidene på alle kantar.

På slutten av 1800-talet begynte den frykta vinlusa å herje i Europa, og i 1904 tok vårfros- ten livet av mange av vinstokkane i området.

Mange vinbønder gav opp. Nokre emigrerte til USA, andre flytte nærmare storbyane Torino og Milano for å søkje jobb i den raskt veksande tekstilindustrien.
 
Sakte begynte skogen å overta dei gamle vinmarkene. Fleire stader kan ein i dag sjå gamle vinstokkar og oppbindingssystem stå igjen midt inne i skogholtet.
 
Som om ikkje det var nok, endra heile vinpro- duksjonen i Italia seg. Frå 1970-talet av skulle italiensk vin anten vere lett, fruktig og masse- produsert eller mørk, kraftig og lagra på nye, franske eikefat. Ulike motar og trendar sende Alto Piemonte inn i ein skuggedal som området no endeleg er på veg til å komme seg ut av.
 


FRAMTIDA

No er trenden i ferd med å snu, ironisk nok takka vere – mellom anna – ei ny krise: finanskrisa i 2008. Tekstilindustrien i området fall saman. Arbeidsløysa auka.
 
I dag gir det igjen status å jobbe med vin, og ein ny generasjon unge, ambisiøse vinmakarar ser det unike potensialet i Alto Piemonte. Også på Sicilia, på ein heilt annan kant av Italia, har noko liknande skjedd: Ein ny generasjon har teke over, og kombinerer tradisjonar og nytenking ved å satse på kvalitetsvin.
 
Nokre av produsentane i Alto Piemonte har eit kjent namn i store delar av vinverda. Andre er så små at dei ikkje eig eigne vinmarker, og får hjelp av innleigde fagfolk som Cristiano Garella (sjå eige intervju under) til å lage vinen.
 
Og kanskje er det nettopp dette som er fordelen i området? I sum er produsentane i Alto Piemonte små og ukjende, samanlikna med gigantane i vinverda, sjølv når dei største namna her blir rekna med. Derfor har dei innsett at den einaste moglegheita deira er å stå saman og gjere kvarandre gode. Både millionbedrifter med århundrelange tradisjonar og småbarnsfamiliar med ein draum.
 
På neste side møter du tre av dei som på kvar sin måte er med på å gi Alto Piemonte æra tilbake som vinområde.
 
 

Sveitsaren

Han satsa på vin då ingen andre hadde trua.
 
Christoph Künzli var ein suksessrik vinhandlar i Sveits på 90-talet. Han kom til Alto Piemonte og fall pladask for området.
 
Künzli kjøpte ein tradisjonelt driven vingard i Boca, og samtidig som han har rydda skogen unna og fått liv i gamle vinmarker igjen, har innflyttaren lagt sjela si i å setje Alto Piemonte tilbake på kartet.
 
Området «sov» nemleg då italiensk vin gjorde sitt store inntog i verdsmarknaden. Alto Piemonte blei aldri med på denne bølgja.
 
Sveitsaren ser på den lange og utfordrande «Tornerose-søvnen» området har hatt, som ein stor fordel:
 
– Sidan alt grodde igjen rundt oss, har vi i dag ingen naboar, ler han og peiker ut mot skogen rundt vinmarkene.
 
Künzli har fått mykje av æra for at Alto Piemonte igjen markerer seg i vinverda. Og han meiner at nettopp blandinga mellom gammalt og nytt er det unike ved Alto Piemonte:
 
– Området har ingen vinmarker som er planta på 1960- og 70-talet. Då blei vinmarkene planta med tanke på traktorinnhausting, for kvantitet framfor kvalitet. Vi har heller ikkje vore med på bølgja av sprøytemiddel og insektsmiddel dei siste tiåra. Vi har anten veldig gamle vinstokkar, planta på tradisjonelt vis, eller nye, moderne vinmarker, planta og stelte for å lage kvalitetsvin med lågt utbyte.


Familien

Dei byggjer ein ny kvardag på vindyrking.
 
I området Bramaterra møter vi framtida til Alto Piemonte. Eller iallfall ein del av henne. Han heiter Francesco Noah Mosca og er 8 år. Akkurat no er han ein vanleg gut med ein leikedinosaur i handa, men om eit par–tre tiår vil han kanskje overta vinhuset som ber namnet hans, i ein vinregion mor og far hans har vore med på å løfte fram i lyset igjen.
 
Francesco Noahs far heiter Andrea Mosca, og i 2008 jobba han som arkitekt. Kona Giovanna var ergoterapeut. Dei to levde godt i byen Biella, med den nyfødde sonen og ei felles interesse for raudvin frå Burgund.
 
– Men så kom finanskrisa, fortel Andrea.
 
– Då var det ikkje lenger jobb å få som arkitekt. Vi hadde begge eit ønske om å jobbe med hendene og var interesserte i vin, så vi kjøpte vinmarker i Bramaterra og Lessona.
 
Familien, som no i tillegg tel dottera Luce (4), har nettopp flytt inn i eit hus i den vesle lands- byen Brusnengo.
 
– Vi pussar opp huset samtidig som vi byggjer ny vinkjellar, og planlegg å opne for turistar og overnatting, fortel Andrea.
 
Familien Mosca er ein av mange som igjen satser på vin i Alto Piemonte. Men det er langt frå sikkert at det betaler seg. Det er ikkje lett å komme ut av skuggen til storebrørne Barolo og Barbaresco i Langhe-området lenger sør.


Vedunderbarnet

 Han sprer den glade bodskapen.
 
– Vi har hatt ti år med hard jobbing. No begynner fleire og fleire å få opp auga for det unike ved Alto Piemonte, sier 32 år gamle omreisandevinmakaren Cristiano Garella.
 
Han voks opp eit par mil sør for Gattinara, i ein heim der dei sjeldan drakk vin. Då Cristia- no var 13, såg han eit innslag om vin på tv. Det tende ein gneiste. Tenåringen kjøpte vinbø- ker, og ikkje lenge etter overtalte han pappa til å køyre han rundt for å banke på kjellardører og sjå korleis dei beste laga vin i Barolo, Barba- resco, Roero.
 
Cristiano kjøpte og smakte vin for alle lommepengane, gjekk på vinskule i Alba, og allereie som 21-åring fekk han ansvaret for ein kjend og respektert produsent i Lessona. I dag jobbar han som vinfagleg konsulent for 14 små og store produsentar i området, og har teke på seg rolla med å foreine familiane og vise fram Alto Piemonte for omverda.
 
– For det første er jorda spesiell. Det er både sandjord og vulkansk stein her, og eit surt jords- monn som gir vinen mineralske tonar. For det andre er det tillate å blande inn særeigne, lokale druesortar i tillegg til Nebbiolo, fortel Garella.
 
– Kvar landsby har sitt eige jordsmonn, sitt særpreg. Vi snakkar meir om jord, stein og mineral her enn i dei fleste andre område i Italia.
 
Produsentane i området prøver å ikkje konkurrere mot kvarandre, men jobbar saman for å løfte fram kvart enkelt terroir.
 
Raudvinane frå Alto Piemonte er slanke og særprega, fortel han:
 
– Dei kan nokre gonger minne meir om vin frå Sicilia eller Burgund enn om «slektnin- gane» frå lenger sør i Piemonte som òg er laga av Nebbiolo.
 

Vinområda

GATTINARA: Det mest kjente vinområdet. Druene dyrkes rundt byen Gattinara. Vel ansett rødvinsområde i mange hundre år. Minst 90 prosent Nebbiolo, ofte 100 prosent. Tåler lagring svært godt.
 
GHEMME: Det mest kjente og anerkjente området øst for elva Sesia. Rødvinen herfra er tradi- sjonelt en blandingsvin med
en liten andel Vespolina, men kan også være ren Nebbiolo. Lagringsdyktige viner.
 
LESSONA: Det vestligste av vinområdene i Alto Piemonte. Sandrikt jordsmonn og kjølig klima gir lett, syrlig og delikat rødvin.
 
BRAMATERRA: Et større område som dekker vinmar- ker i flere kommuner. Ligger mellom Lessona og Gattinara. Jorda inneholder mye vulkansk stein, og det er litt varmere her enn i naboområdene. Rødvinen kan dermed bli litt ekstra mørk, muskuløs og mystisk.
 
BOCA: Det eneste området øst for elva Sesia som har vulkansk jordsmonn, med skogkledde  åser og et kupert landskap. Lovverket krever at Nebbiolo her blandes med minst 10 prosent Vespolina eller Uva Rara.
 
SIZZANO: Et flatere landskap, med en morenerygg som går øst for elva. Her er jorda leire- holdig og steinete. Rødvinen er gjerne en blandingsvin med 50–70 prosent Nebbiolo, og med fruktig og lett krydret aroma.
 
FARA: Også her er landskapet slakt og flatt, med den samme moreneryggen som i Sizzano. Vinen er fruktig og litt mindre snerpende enn i mange av naboområdene. Nebbiolo blandes med Vespolina og/eller Uva Rara.
 
COSTE DELLA SESIA: «Paraply-område» for områdene vest for elva. Både rødvin, hvitvin og rosévin kan merkes med dette området. Både rødvin og rosévin må inneholde minst 50 prosent Nebbiolo, mens hvitvinen lages på den lokale druen Erbaluce. Det lages også rødvin av enkeltdruene Croatina og Vespolina. Rødvinene er gjerne lettere enn i de navngitte områdene over.
 
COLLINE NOVARESI: «Paraply-område» for områdene øst for elva. Liknende regler som for Coste della Sesia, i tillegg kan det lages endruevin av Barbera og Uva Rara. 
 

Druene

NEBBIOLO: Samme drue som brukes i blant annet Barolo og Barbaresco. Kalles lokalt også for Spanna. Gir vin med mye snerp, syrlighet og alkohol. Nyansert smak av røde og mørke bær, gjerne også krydder, urter, blomster, tjære og høstløv. Brukes ofte alene, men kan også blandes med andre druer.
 
VESPOLINA: Blandes som regel inn for fargens skyld, og gir alene mye snerp og krydret og fruktig aroma. Lukter og smaker røde bær, med hint av hvit pepper og grønn te.
 
CROATINA: Croatina tilfører farge, men kan også gi mørk frukt og noe snerp. Aromaene går mot mørke plommer, kaffe, mørk sjokolade og noe som minner om blod, jern eller salt lakris.
 
UVA RARA: Kalles også Bonarda Novarese. Tilfører myke tanniner, parfymerte aromaer og god, fersk fruktighet.