Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Tilbake

Vårauksjonen er i gang

Tysdag 6. april startar årets andre auksjon, som held fram til 14. og 15. april.  Totalt skal 1093 objekt på til saman 1723 flasker under hammaren. Vurderingane strekk seg frå 200 til 35.000 kr per flaske, og er totalt på 2,25 millionar.
Auksjoner-toppbilde.jpg
Foto: Trond Andersen

Grunna stor pågang er vårens auksjonskalender no utvida med ein ekstra auksjon som vil gå føre seg i mai.  

Nytt for året er også tilbod om heimlevering i Nordland, Troms og Finnmark. Sjå meir info om dette under informasjon om utlevering.  

 April-auksjonen fordelar seg over to dagar, begge dagar med avslutning frå kl 18:30:   

  •  Onsdag 14. april: Fransk vin 
  • Torsdag 15. april: All øvrig vin, brennevin og øl.    

Heile lista over auksjonsobjekt finn du her 

Katalogen vil være synleg og open for bod på Blomqvist si heimeside frå tysdag 6. april kl. 09:00.     

Les meir om å kjøpe og selje vin og brennevin på auksjon.   

Viktig informasjon om utlevering    

Det er no moglegheit for å bestille heimlevering med post for kundar boset i Nordland, Troms og Finnmark. Ønskjer du dette vel du «Levering med post (Nordland, Troms og Finnmark)» under fana levering vin på mi side på blomqvist.no. Merk at valet varar til du sjølv endrar leveringsalternativ.   

Objekt kjøpt på auksjon kan også hentast på eit av følgande Vinmonopol:    

  • Bergen, Valkendorfsgat
  • Hamar    
  • Sandefjord
  • Stavanger, Hinna
  • Trondheim, Valentinlyst  
  • Ålesund, Moa    

Smittevern

Vinmonopolet og Blomqvist følgjer utviklinga av koronautbrottet nøye, og vil følgje myndigheitene sine anbefalingar for å hindre spreiing.  Pr no er Blomqvist stengd, med utlevering berre etter avtale. Me kjem attende med meir informasjon når auksjonsavslutting nærmar seg.  

Kundar vil ikkje bli belasta lagerleie så lengje reiser mellom kommunar er frårådd.