Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Årets fyrste auksjon er i gong

1. februar starta årets fyrste auksjon. Det er en brei auksjon med vekt på dei klassiske områda i Frankrike og Italia. Vurderingane strekk seg frå 200 til 75.000 kr per flaske.

Auksjoner-toppbilde-02-av.jpg
Foto: Erik Thallaug

Auksjonen held fram til 10. og 11. februar. Det blir en brei auksjon med vekt på dei klassiske områda i Frankrike og Italia. Totalt skal 1080 objekt på til saman 1978 flasker under hammaren. Vurderingane strekk seg frå 200 til 75.000 kr per flaske, og er totalt på over 3 millionar.

Utvida

Grunna stor pågang er vårens auksjonskalender no utvida med ein ekstra auksjon som vil gå føre seg i mai.
 
Nytt for året er også tilbod om heimlevering i Nordland, Troms og Finnmark. Sjå meir info om dette under informasjon om utlevering.
 

Avslutning 10. og 11. februar

Auksjonen fordelar seg over to dagar, begge dagar med avslutning frå kl 18:30: 
  •  Onsdag 10. februar: Bordeaux & Burgund
  • Torsdag 11. februar: All øvrig vin, brennevin og øl.  
 
 
Katalogen vil være synleg og open for bod på Blomqvist si heimeside frå måndag 1. februar kl. 09:00.    
 

Viktig informasjon om utlevering  

Frå denne auksjonen er moglegheit for å bestille heimlevering med post for kundar boset i Nordland, Troms og Finnmark. Ønskjer du dette vel du «Levering med post (Nordland, Troms og Finnmark)» under fana levering vin på mi side på blomqvist.no. Merk at valet varar til du sjølv endrar leveringsalternativ.
 
Objekt kjøpt på auksjon kan også hentast på eit av følgande Vinmonopol:  
  • Bergen, Valkendorfsgate 
  • Hamar 
  • Sandefjord
  • Stavanger, Hinna
  • Trondheim, Valentinlyst
  •  Ålesund, Moa  

Smittevern

Vinmonopolet og Blomqvist følgjer utviklinga av koronautbrottet nøye, og vil følgje myndigheitene sine anbefalingar for å hindre spreiing. Pr no er Blomqvist open som normalt. Det er påbod om bruk av munnbind inne i lokala og me ber alle halde god avstand til andre kundar og tilsette. Benytt tilgjengeleg handsprit. Unngå kollektivtransport om du har moglegheit. Parkeringshus og parkeringsplassar er tilgjengeleg i nærleiken.
 
Kundar vil ikkje bli belasta lagerleie så lengje reiser mellom kommunar er frårådd.