
Indisk mat er krydra og ofte sterk. Blir drikken for spinkel og lett, forsvinn han heilt bak maten. Samtidig tek sterke smakar knekken på fine nyansar. Derfor kan dei aller flottaste vinane vente til eit anna høve.
Halvtørre kvitvinar er det klassike valet. Sødma har same funksjonen som ein raita. Han dempar og lindrar. Dersom du elskar flammen frå chilien, kan du velje meir alkoholsterke drikker. Alkohol forsterkar chilivarmen merkbart.
Kvitvin
Ein moden vin med saftig fruktigheit klarer å stå imot smaksintensiteten frå maten. Ikkje vel for spinkle vinar. For mellom 150 og 200 kroner finst det mykje som vil passe. Vel gjerne ein chenin blanc frå Loire i Frankrike eller frå Sør-Afrika. Ein pinot gris frå Alsace eller ein riesling med litt søtleik vil og passe bra.
Øl
Øl med lyst maltpreg og god nok friskleik er leskande til sterk mat. Aroma frå humle passar fint til indisk krydder. Pale Ale eller lyst lagerøl kan vere godt til. For den som er glad i surøl, verkar det forfriskande og reinsande. Vel gjerne eit med litt mørkare malt, som eit raudt flamsk øl.
Mjød
Mjød er laga på honning. No finst det fleire tørre variantar som kan vere eit originalt og spennande val til krydra mat.
Raudvin
Raudvin er ikkje eit førsteval. Varme krydder forsterkar tannin og gjer raudvin tråare og meir snerpande. Om du likevel ønskjer raudvin, vel ein som har saftig frukt og lite snerp, gjerne frå eit varmare klima.
Alkoholfritt
I India er det mest vanleg å drikke vatn til maten, og det er ikkje eit dårleg val. Eplemost har òg mange eigenskapar som gjer seg godt til sterk mat. Det søte og det friske verkar leskande og varmedempande.