Tilbake
Drikke til mat Anledning Verdensmat

Drikke til thaimat - Khao soi

Retten er smaksrik, men ikkje sterk. Til det djupe krydderpreget passar drikke med meir enn berre fersk fruktigheit. Tilstrekkeleg konsentrasjon gjer at drikken ikkje verkar syrleg og spinkel.
thaimat vinbladet khao soi karri av.jpg
Foto: Tommy Andresen

Heldigvis treng vi verken å tømme lomme­boka eller brenne uhyrlege mengder drivstoff for å kunne oppleve thaimat. Med oppskriftene Andreas Ingul har laga til Vinbladet denne gongen, kan du invitere Thailand heim på ditt eige kjøkken. Dei fleste ingrediensane du treng, er ganske greie å finne – i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Bondekjøkken, gatemat og gourmetmat

Andreas Ingul har reist i Thailand og ­fortel gjerne og begeistra om matkulturen. 

– Thaimat har alt – ferske, sunne ingrediensar med mykje smak, spanande konsistensar og balanse mellom syrleg, søtt, sterkt og fiskeaktig, seier han. At maten blir presentert på ein vakker og fargerik måte, gjer han endå betre.

Prøv Andreas sine oppskrifter:

Drikke til thaimat – ein leik med smak!

Rettane Andreas Ingul har laga for Vinbladet denne gongen, er aromatiske på kvar sin måte. Dei er robuste og blir ikkje så lett overkøyrde av drikken. Det gir deg eit glimrande høve til å teste noko nytt og utvide perspektivet på mat og drikke i kombinasjon. 

Syre og aroma er dei viktigaste elementa å ta omsyn til når du skal velje drikke til thaimat. Syra i maten gjer at drikken òg bør ha godt med syre, elles kan han verke dvask. Søtleik dempar chilien litt. For sjølv om du liker at munnen står i brann, kan det vere godt å la han få ein pause når varmen byggjer seg opp. Drikke med bobler eller veldig mykje syre kan forsterke chilieffekten, men opnar òg for smakane i maten.

Likskap heller enn kontrast

Drikke blir som ein ekstra ingrediens i maten. Elementa i thairettar er vanlegvis godt balanserte. At maten ikkje manglar noko, gjer at drikke som aromamessig har mykje sams med maten, vil fungere best. Derfor er det generelt lettare med kvitvin enn raudvin. Kvitvin med rein og fersk fruktigheit, gjerne eit modent fruktpreg av til dømes aprikos eller fersken, eller blomsteraktige aromaer er fint følgje. 

Kjølig raudvin

Raudvin kan òg passe, først og fremst til innkokte karrirettar. God syrefriskleik og aroma er i så fall gode eigenskapar, mens fatpreg lett blir for dominerande. Avkjøl vinen godt, så kjem friskleiken betre fram. 

Øl 

Ekstreme øl tilsette tropiske frukter av alle slag kan passe godt saman med nokre av dei smaksrike thairettane. IPA og NEIPA med mykje humle gir spenstige kombinasjonar, men ølet bør ikkje vere altfor bittert. I Thailand serverer ein ofte lett og iskald pils.

Alkoholfritt 

Sist, men ikkje minst, er alkoholfrie drikkar eit godt matfølgje. Fruktjuice, limonadar og alkoholfrie cocktailar har eit ferskt fruktpreg som passar godt. Ein kopp blomsterduftande sjasminte er ein god match til steikt mat og innkokte karrirettar. 

Khao soi (kyllingkarri frå Chiang Mai)

4 kyllinglår
karripasta (sjå under)
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1/2 boks kokoskrem
3 dl kyllingkraft
2 ss mørk soya
2 ss lys soya
1 handfull ferske eller tørka (kinesiske) eggnudlar
3 vårlaukar, finkutta
1 handfull fersk koriander
litt nøytral olje
salt

Friterte nudlar

5 dl solsikkeolje
1 stor neve ferske nudlar (eller tørka)

Del kyllinglåra i to i leddet. Salt kyllingen og brun skinnet til det får ein gyllen farge. Ta kyllingen ut av panna og tilset karripasta med litt olje og kokoskrem. Kok inn til kokoskremen begynner å skilje seg, mens du rører i panna. Ha i kylling og kraft og kok i 20–30 minutt til kyllingen er mør. Ha i vårlauk mot slutten.

Kok opp vatn, og kok nudlane slik det står på pakka.

Legg opp nudlane først, så kyllingkarri, vårlauk og friterte nudlar på toppen. Kan til dømes serverast med sylta kål, finkutta sjalottlauk, bønnespirer og lime.

 

Drikke til khao soi

Retten er smaksrik, men ikkje sterk. Til det djupe krydderpreget passar drikke med meir enn berre fersk fruktigheit. Tilstrekkeleg konsentrasjon gjer at drikken ikkje verkar syrleg og spinkel.

Oransjevin med tydelege skalpreg – blomstertonar, balsam og aprikosfrukt.

Kvitvin med preg av gjærrestar eller litt fat. 

Avkjølt, ung raudvin med modent fruktpreg frå eit varmt klima som Libanon eller Sør-Frankrike. 

Klassisk IPA med litt bitterheit frå ein ikkje for aromatisk humlesort eller fransk sider med modent eplepreg og fermenteringsaroma. 

Alkoholfri kombucha med gjæringspreg og friskleik. Fyldig, rund eplemost med moden fruktaroma.

thaimat vinbladet 3-21.jpg

Vin frå Thailand 

Vinmarkene i Thailand blei først planta til i 1960-åra. Først var det berre matdruer, men dei siste 30–40 åra er det òg planta Vitis vinifera til vinproduksjon. Klimaet er generelt varmt og fuktig, med mindre temperaturforskjellar gjennom året og døgnet enn i Europa. Området Phu Ruea i nordaust og Khao Yai nord for Bangkok er dei viktigaste vinområda i dag. Særleg druetypen Shiraz blir brukt, men også Malaga Blanc (Semillon), Muscat, Chenin Blanc, Tempranillo og Sauvignon Blanc. 

Vinene har tradisjonelt vore fruktige og med ein del restsøtleik, tilpassa krydra thaimat. Den seinare tida har det i større grad vore laga friskare og tørrare vinar. 

thaimat vinbladet råvarer banner 1  3-21.jpg

Karri

I Thailand er karriblandingar både syrlege, aromatiske og meir eller mindre sterke. Aller best smaker dei om du lagar dei sjølv, men du kan òg kjøpe ferdige pastaer. Den gule er mildast, grøn pasta med fersk, grøn chili er litt sterkare, mens den raude pastaen med tørka raud chili er den aller heitaste. Massaman-karri frå den muslimske delen av landet går litt meir i retning av indisk karri, med bruk av tørka krydder i kombinasjon med dei ferske thailandske aromaene. 

Gul karripasta til khao soi

3 store raude chiliar utan frø
2 sjalottlaukar, grovkutta
1 ts korianderfrø, rista
2 fedd kvitlauk, finkutta
2 cm gurkemeie, finkutta
2 cm ingefær, finkutta
3 korianderrøter, finkutta

Køyr alt til ein glatt pasta i ei kjøkkenmaskin eller ein mortar.

Raud karripasta til fiskekaker

4 raude chiliar utan frø
2 fedd kvitlauk
2 små sjalottlaukar 
stilkar av 1/2 bunt koriander eller 3 korianderrøter
1 galangal, finkutta
5 kaffirlimeblad, finkutta
2 stenger sitrongras, finkutta
1 ss solsikkeolje

Reins alle ingrediensane og køyr dei opp med litt olje i ein hurtighakkar eller mortar til du får ein homogen masse.