Alkoholfri frosen jordbær-daiquiri

Ein iskald drink med frisk smak av jordbær.

Dette treng du:

10 cl Strawberry Mockiri
4 jordbær
1 ts sukker
Litt pressa limejuice
Knust is
Eit jordbær til pynt

Slik gjer du:

Ha alle ingrediensane i ein blender, og køyr dei til ein «slush». Hell over i eit cocktailglas, og pynt med eit jordbær.

Cinderella

Ein frisk drink med tropisk fruktsmak.

Dette treng du:

5 cl appelsinjuice
5 cl sitronlimonade
5 cl ananasjuice
Nokre dropar grenadine
Boblevatn eller soda
Ei sitronskive til pynt

Slik gjer du:

Fyll ein shaker halvfull med is, og hell i alle ingrediensane bortsett frå boblevatnet. Rist godt. Sil over i eit cocktailglas, og fyll opp med boblevatn. Pynt med sitron.
Drinken har namn etter eventyret om Oskepott.

Shirley Temple

Ein drink som kombinerer søt eplesmak og ingefær.

Dette treng du:

To delar Red Stinger Ginger Beer
Ein del Edel Eplemost Gravenstein
Nokre dropar grenadine
Eit maraschino-kirsebær til pynt

Slik gjer du:

Kjøl ned eit coctailglas med isbitar, men hell ut isen før du lagar drinken. Bland eplemost og grenadine, og topp med ingefærøl. Pynt med eit maraschino-bær.

Cocktailen blei funnen opp i Beverly Hills på 1930-talet og har namn etter den store barnestjerna på den tida, Shirley Temple.

Virgin mojito

Ein syrleg-søt drink med aroma av mynte og lime.

Dette treng du:

Ei handfull fersk mynte
1/2 lime
2 ts brunt sukker
2 dl soda eller nøytralt mineralvatn (vil du ha drinken søtare, kan du bruke sitronbrus)
lime og mynte til pynt

Slik gjer du:

Del ein halv lime i fire bitar, og legg dei i eit rocksglas saman med sukker og mynte. Bruk ein  muddler eller ei skei til å presse safta av limebitane. Det frigjer aroma frå limen og mynten. Ha i knust is, og fyll opp med sitronbrus eller mineralvatn. Rør og pynt med lime og mynte.

Virgin Mary

Ein smaksrik, men ikkje for søt drink du enkelt kan tilpasse krydderet etter kor sterk du liker han.

Dette treng du:

Tomatjuice
Safta av en halv sitron eller lime
2–3 dropar tabasco
2–3 dropar Worcestershire-saus
Litt salt og pepar
Ein selleristilk til pynt

Slik gjer du:

Fyll eit highballglas halvvegs opp med isbitar. Ha i Worcestershiresaus, tabasco, pepar og sitronsaft og rør rundt. Hell over tomatjuice og rør. Smak til med salt, og pynt med ein selleristilk. Bloody Mary er oppkalla etter den «blodige» engelske dronning Mary den første, har den alkoholfrie varianten namn etter jomfru Maria.

Is-sjoko-cola

Ein litt annleis drink med sjokolade og hint av kaffi og cola.

Dette treng du:

20 g mørk sjokolade
1 ts sukker
Litt sterk, varm kaffi
2 dl mjølk
1 dl iskald cola
Ein sjokoladebit til pynt

Slik gjer du:

Løys opp sjokolade og sukker i den varme kaffien, og hell blandinga i eit highballglas med isbitar. Fyll på med mjølk, og rør. Topp med cola. Smelt eit hakk i sjokoladebiten med ein varm kniv, og set han på kanten av glaset.