Tilbake
Lær om vin Lagring og servering

Planlegg festmiddagen

Korleis bereknar du vinmengd til middag eller selskap? Kor mange gradar skal vinen halde? Her får du svar på spørsmål om berekning og servering av vin.
Innkjøp og servering liten.jpg
Foto: iStock

Førebu innkjøpet

Før du kjøper inn vin til selskapet, bør du kunne svare på følgjende spørsmål:
  • Kor mange gjester kjem?
  • Kor mange retter skal du servere?
  • Kor stort budsjett har du?

Hugs alkoholfritt

Plassen i alkoholfrihyllene er vigd fruktmostar, leskedrikkar og alkoholfri øl og vin av topp kvalitet. Også dei alkoholfrie produkta er kvalitetssikra og nøye utvalde. Vi vil at også du som ikkje ønsker eller kan drikke alkohol, skal få noko godt i glaset.

Våre tilsette i butikkane og på Kundesenteret kan hjelpa deg å finna gode drikkeval til maten du skal servera, slik at alle gjestene får noko som passar, enten det er med eller utan alkohol.  

Bestill i tide

Skal du bestille vin istadenfor å velgje flasker som finst på lager i butikk, rår vi deg til å gjere det minst ei veke før selskapet. Før høgtider bør du rekne to veker for å vere sikker på å få vinane du ønskjer. Du kan få varene levert rett hjem, eller velgje å hente dem i butikk eller på postkontor.

Les meir om levering av bestilte varer

Retur av uopna flasker

Ønskjer du å returnere uopna flasker etter selskapet, er det lurt å avtale det på førehand med den lokale vinmonopolbutikken. Hugs kvittering! 

Se informasjon om retur og angrerett

    Kor mykje vin skal du berekne?

    Aperitif - musserande vin:
    1-2 glas pr person og 6-7 glas pr flaske

    Forrett - kvitvin:
    1-2 glas pr person og 6-7 glas pr flaske 

    Hovedrett - raudvin:
    2-3 glas pr person og 5-6 glas pr flaske 

    Skal de sitje lenge ved bordet, til dømes dersom det er mange planlagde talar, kan det vere greitt å rekne noko ekstra vin til hovudretten.

    Dessert - søt vin eller søt sterkvin:
    1 glas pr person og 10-12 glas pr flaske

    Etter maten - brennevin eller likør:
    1-2 glas pr person og 16-17 glas pr flaske

    Ei flaske vin innehalder 75 cl, og ein kartong vin på 3 liter tilsvarar 4 flasker vin.
    Ei standard flaske brennevin innehalder 70 cl.  

    Kor mykje vin i glaset?

    • 10 cl musserande vin eller kvitvin
    • 10–12 cl raudvin
    • 6 cl søt vin eller sterkvin 
    • 4 cl brennevin eller likør

    Hugs: Ikkje fyll vinglaset heilt fullt. Det gjer det vanskelegare å lukte på vinen.

    Kva temperatur skal vinen ha? 

    Rett temperatur er viktig for at vinen skal kunne vise seg frå si beste side. Dessverre blir raudvin ofte servert for varm og kvitvin for kald. 

    • Lette, rimelege og enkle vinar – raude og kvite – bør serverast kjølige.
    • Vinar med fylde, kraft og konsentrasjon bør serverast rundt 18 °C.

    Server heller vinen litt for kjølig enn litt for varm. Vinen blir uansett fort oppvarma når han kjem i glaset.

    Tilrådde serveringstemperaturar

    • Musserande vinar: 6–10 ˚C
    • Tørre, lette kvitvinar: 8–10 ˚C
    • Kraftigare kvitvinar: 10–12 ˚C
    • Rosévin: 8–10 ˚C
    • Dei aller lettaste raudvinane: 12–14 ˚C
    • Middels kraftige raudvinar: 14–16 ˚C
    • Kraftige og tanninrike raudvinar: 16–18 ˚C
    • Tørre sterkvinar: 14–16 ˚C
    • Søte vinar: 10–12 ˚C
    • Søte sterkvinar: 16–18 ˚C

    Når skal man ta vinen ut frå kjøleskapet?

    Temperaturen i kjøleskapet er normalt 4 °C. Vin som blir servert rett frå kjøleskapet, er forfriskande, men har lite smak og aroma. Stig vinen til over 20 °C, blir han fort slapp og alkoholisk, og dei fine smakane og luktene forsvinn.

    Ta gjerne vinen ut frå kjøleskapet 20 minutt før servering. Då vil han vere ca. 8 °C. Ein romtemperert (24 °C) raudvin kjem ned i behageleg serveringstemperatur etter ein halvtime i kjøleskapet.

    Podkast 14 Festmiddag - her er det du trenger

    Hvor mye vin trenger du, og hvilke typer bør du kjøpe inn? Er det greit med bare ett vinglass?