Tilbake
FagpratVinServeringstips for vin

Praktiske tips når du skal servere vin

Finn ut hvilke vinglass som passer og lær om temperatur, servering, åpning, dekantering og lufting.
glass-praktisk-om-vin.jpg
Foto: Getty images

Fleire typar glas eignar seg til vin. Mange vil nok først og fremst velje glas som dei synest er fine, men for å få mest mogleg ut av aromaen og smaken i vinen bør ein òg leggje vekt på andre ting.

Sjølve glaset

Klokka bør vere tulipanforma, det vil seie at ho skal svinge inn mot toppen. Då blir aromaene betre fokuserte, og det er lettare å lukte på vinen.

Stilken er nyttig for å gi glaset den vesle rotasjonen med handa som frigjer aromaene i vinen. Du held òg i stilken når du bøyer glaset litt fram for å sjå på fargen på vinen. Held du i glasklokka, varmar du opp vinen og set flekker på glaset. Det ser ikkje så pent ut, og det blir vanskelegare å vurdere korleis vinen ser ut.

Vinmengda

For at vinen skal få rom til å frigjere aromaer, bør ikkje glaset vere for fullt. Halvfullt glas er meir enn nok. Mykje vin i glaset vil òg gjere det vanskelegare å rotere vinen utan at det skvalpar over.

Oppdekking

Glaset som blir brukt til velkomstdrikk før gjestene har sett seg, kan ein ta med til bordet og bruke til forretten. Elles er det vanleg å setje fram eitt glas til kvar vin ved kvar kuvert. Tradisjonelt set ein glasa i rekkjefølgja frå høgre mot venstre. Vin fungerer dårleg som tørstedrikk, det er derfor viktig å ta med eit vassglas i oppdekkinga.

Reingjering

Skyl glasa godt før du tek dei i bruk. Dei vil som regel ha litt såpe igjen frå oppvasken og «støvlukt» frå skapet. Du bør vaske glasa med lite eller inga såpe, helst for hand i ein heilt rein kum eller balje. Slik unngår du å få matfeitt i glasa. Skyl og tørk glasa godt før du set dei inn i skapet.

Opning og dekantering

Det finst ei rekkje forskjellige vinopnarar på marknaden, men det enkle kan gjerne vere det beste.

Vinopptrekkjarar kjem i mange stilar og prisklassar. Det viktigaste er at spiralen er god. Han må ikkje vere tynn og kort som på ein lommekniv – då får han ikkje feste – og heller ikkje massiv, for då utvidar han korken, slik at han blir nesten umogleg å få opp. Spiralen bør vere hòl, det vil seie at det er plass til ei fyrstikk i kjernen.

Kunsten å opne ei vinflaske

  • Fjern forseglinga rundt toppen.
  • Tørk bort eventuell skit eller mugg frå korken og flaskekanten.
  • Set flaska på eit flatt underlag og press spissen av korketrekkjaren ned i midten av korken.
  • Vri jamt og sakte, og stopp før spissen er kommen heilt gjennom. Trekk korken forsiktig ut.
  • Eventuelle korkrestar som hamnar i glaset, set ikkje smak, men bør sjølvsagt fjernast.

Dekantering og lufting

Å dekantere vin vil seie å helle den klare vinen over i ein annan behaldar mens botnfallet blir igjen på flaska. Vin skal lagrast liggjande. Då samlar botnfallet seg langs sida av flaska. La derfor flaska stå eit døgn før du opnar og dekanterer vinen.

Svært gammal vin bør vanlegvis ikkje dekanterast. La berre flaska stå eit døgn først, og hell så direkte frå flaska over i glaset. Stopp å helle når det er om lag eit glas igjen på flaska. Resten kan du filtrere gjennom eit kaffifilter.

Ein tenkjer ofte på dekantering i samband med gamle vinar, men det kan vere vel så viktig å gjere det for å «lufte» unge vinar. Det kan vere vin som er meint til lagring, men som du ønskjer å smake før han har nådd full modning. Luftinga vil få vinen til å opne seg og gi meir aroma og smak.

Serveringsrekkjefølgje

Når du skal servere fleire typar vin etter kvarandre, bør dei som regel komme i ei bestemt rekkefølgje.

Det er til dømes lettare å smake ein tørr kvitvin før ein søt kvitvin og ein lett raudvin før ein kraftig raudvin med mykje garvestoff.

Ein fleirretters middag startar gjerne lett og avsluttar med tyngre retter som hovudrett og dessert. Denne rekkjefølgja passar òg bra for vinserveringa. Dei lette og delikate vinane kjem først, dei fyldige og kraftige lenger ut i måltidet, og den søte vinen til slutt.

Her er fire tips for serveringsrekkjefølgje som bør hjelpe deg langt på veg:

  • lette før tunge
  • tørre før søte
  • kvite før raude
  • unge før gamle

Dei to første punkta har ein liten forrang for dei to siste: Ein lett raudvin kan godt komme før ein tung kvitvin, og tørr raudvin kan serverast før søt kvitvin. Gamle og komplekse vinar kan vere vanskelege å smake seint i ein serie. Smak heller desse tidleg – og kanskje aller helst åleine. Dei fortener god tid og mykje merksemd, og tunga og ganen bør vere utkvilte.

Budsjettips: Du kan bruke den same vinen til aperitiff og forrett. Den same vinen kan òg brukast til fleire forretter med liknande eigenskapar. Til desserten kan du servere kaffi i staden for dessertvin.

Vin igjen på flaska

Viss du har ei halvfull flaske igjen eller nokre vinslantar her og der, kan du ta vare på dette til seinare bruk. Slantane kan du samle for eksempel på ei flaske eller på eit reint syltetøyglas, leggje i frysaren og hente fram igjen neste gong du skal lage ein god saus eller gløgg. Ikkje fyll glaset heilt opp, då sprekk glaset i frysaren. Bruk aldri vin med feil: Det blir ikkje god saus av det!

Vinen kan oppbevarast og drikkast innan eit par dagar. Set kork på flaska, og ha henne i kjøleskapet, då held ho seg lenger. Originalkorken kan brukast viss han ikkje er blitt heilt gjennombora ved opning. Det er som regel lettast å setje han opp ned. Vinen vil som regel tape seg litt når han blir oppbevart på denne måten, men vil sjeldan få noko bismak før etter 2–3 dagar.

Unge, fruktige og robuste vinar held seg lenger enn meir utvikla vinar. Musserande og økologiske vinar ser ut til å halde seg lenger enn andre svakvinar. Sterkvinar, med unntak av dei lettaste sherryane, er langt meir haldbare enn svakvinar. Vi sel utstyr som gjer det mogleg å oppbevare vinrestane endå lenger.

Les om berekning og servering av vin

Podkast 14 Festmiddag - her er det du trenger

Hvor mye vin trenger du, og hvilke typer bør du kjøpe inn? Er det greit med bare ett vinglass?