Tilbake
FagpratVinInnhold og ingredienser

Kva stoff og ingrediensar kan me reagera på i vin?

Her kan du lese om nokre av dei stoffa som kan finnast i produkta våre. Og hva er det kroppen reagerer på når vi får allergier eller har diabetes for eksempel?
Alkohol-og-helse-illustrasjon-alkohol-og-kroppen-Miss-Boo,-Bente-Jørgensen.jpg
Foto: istockphoto.com

Aller først, her er ein viktig tommelfingerregel: Om du er usikker på innhaldet i produkta våre, så spør oss i butikk eller på Kundesenteret. Er du usikker på kva kroppen din tåler, spør fastlegen din.

Produkta til Vinmonopolet er som andre næringsmiddel underlagde matlova og EU-lovgivinga. Det vil seie at dei skal rette seg etter ei rekkje krav som mellom anna regulerer kva råvarer som kan brukast, og kva stoff som kan tilsetjast eller brukast under produksjonen. Likevel kan enkelte av produkta våre innehalde stoff som nokre av ulike grunnar ikkje ønskjer å drikke. Kanskje har du allergi eller ein sjukdom som du må ta omsyn til, eller kanskje har du høyrt om eit stoff utan å vite kvar det kjem frå, kvifor det er i vinen du drikk, og kva det gjer med deg?

Hugs at mengda av stoffa som er omtalte her, normalt er så lita at du ikkje reagerer med mindre du er svært sensitiv for eitt eller fleire av dei. Snakk med fastlegen din dersom du er i tvil om kva du kan drikke.

Tilsetjingsstoff og andre stoff

Svoveldioksid (e220)

Mange matvarer, som tørka frukt og mat av fisk, er tilsette svoveldioksid. Det er òg vanleg å tilsetje svoveldioksid i vin. Svoveldioksid (SO2) blir brukt for å hindre at vin oksiderer, og for å hindre vekst av gjær og bakteriar. Faktorar som påverkar mengda svoveldioksid, er vintype, hygiene, produksjonsmetode og druekvalitet.

Generelt er raudvin meir haldbar enn kvitvin og kan derfor lagast med mindre svoveldioksid enn kvitvin. Søte vinar treng meir svoveldioksid enn tørre vinar fordi sukker aukar faren for gjær- og bakterievekst. Kor mykje svovel som er tillate, varierer med produkttype og sukkerinnhald.

Svoveldioksid har ei svak, men stikkande lukt. Bortsett frå nokre asmatikarar og andre sulfitt-oversensible personar reagerer folk flest ikkje på SO2 i vin. Merksemda rundt tilsetjing av svovel i vin har auka, og dermed òg kunnskapen. Nokre produsentar minimerer bruken av svovel ved å tilsetje svoveldioksid i rett mengd til rett tid. Eit fåtal vinprodusentar tilset ikkje svoveldioksid i det hele teke. Det er påbode å opplyse om tilsett svoveldioksid med merking.

Sukker og andre søtningsstoff

Mange søte alkoholdrikker, som til dømes likørar, er tilsette vanleg sukker (sukrose), som består av drue- og fruktsukker. Kunstig søtingsmiddel som til dømes acesulfame K (E950), aspartam (E951) og sakkarin (E954) er lov å bruke i alkoholfritt øl, øl med alkoholinnhald under 1,2 volumprosent. og nokre få andre ølsortar, sider og ferdigblanda drinkar baserte på øl, sider, vin eller brennevin.

Druer har eit naturleg innhald av druesukker (glukose) og fruktsukker (fruktose). Med nokre få unntak er det ikkje lov å tilsetje sukker i vin etter at gjæringa er ferdig. Restsukker i vin stammar som regel frå druene eller i nokre tilfelle sukker som er tilsett før gjæringa.

Sukker og kaloriar i vin

Eitt gram alkohol gjev om lag dobbelt så mykje energi som eitt gram sukker. Dei fleste raudvinar og kvitvinar gjev langt meir energi frå alkohol enn frå karbohydrater. 

Her kan du lese mer om sukker og kalorier i vin

Fargetilsetjingar

Det er først og fremst likørar, bitter, brennevin og ferdigblanda drinker som kan vere tilsette farge. Sukkerkulør (E150) gir brun farge og er den vanlegaste fargetilsetjinga i brunt brennevin som whisky og cognac, i tillegg til akevitt. I vin er det ikkje lov å tilsetje farge.

Sorbinsyre, sorbater (e200, e202, e203) og askorbinsyre (e300)

Sorbinsyre blir tilsett for å hindre vekst av gjær og bakteriar i vinar med mykje sukker. Askorbinsyre (C-vitamin) blir tilsett som antioksidant i nokre typar vin og øl for å bevare utsjånaden, lukta og smaken.

Sprøytemiddel

Råvarene i vin, øl og brennevin er jordbruksprodukt som kan vere sprøytte mot ulike sjukdommar, sopp og skadedyr. Ørsmå restar av sprøytemiddel kan framleis finnast i desse råvarene, slik dei òg kan finnast i frukta du kjøper i butikken. EU har fastsett øvre tillatne grenser for restar av ulike sprøytemiddel i ferske druer. Det er ikkje fastsett liknande grenser for ferdig vin. Mesteparten av sprøytemiddelrestane som måtte finnast i druene, kjem ikkje med i den ferdige vinen, men blir skild ut med drueskal og gjær. Dei små restane av sprøytemiddel som kan følgje med råvara, er så små at ein blir utsett for alkoholrelaterte skadar lenge før ein når grensa for dagleg inntak av sprøytemiddelrestar.

Tungmetall

Tungmetall i vin kjem, via druene, frå miljøet rundt vinplanten. Det kan dreie seg om mellom anna bly, jern, kadmium, kopar, arsenikk, tinn og nikkel. Blyinnhaldet i vin har minka merkbart på grunn av forbod mot blyhaldige flaskekapslar og miljøtiltak som overgang til blyfri bensin. Vin inneheld veldig små mengder bly, omtrent 0,04 mg per liter i gjennomsnitt. Innhaldet av tungmetall i vin har aldri vore så lågt som i dag.

Metanol

Når vi snakkar om alkohol i produkta våre, meiner vi vanlegvis etylalkohol eller etanol. Under alkoholgjæring blir det òg naturleg danna ei lita mengd metanol, men det er så lite at det ikkje utgjer nokon helserisiko. Dersom ein alkoholhaldig drikk ikkje blir destillert riktig, kan brennevinet få eit høgt metanolinnhald. Metanolforgifting kan vere livstruande, og på verdsbasis fører det til mange dødsfall kvart år. Varene som blir selde på Vinmonopolet, har ikkje høgare metanolinnhald enn det som er lov. Illegalt og forfalska brennevin kan derimot ha farleg høgt metanolinnhald.

Biogene amin

Såkalla biogene amin (mellom anna histamin, tyramin og fenetylamin) finst naturleg i vin og i nokre ølsortar. Raudvin inneheld meir amin enn kvitvin. Amin finst òg naturleg i fleire typar matvarer. Amin blir danna ved at spesielle aminosyrer blir omdanna via ei bakteriell nedbryting. Amina har mange ulike biologiske effektar; nokre aukar blodtrykket, andre minkar det. Dei kan òg gi versensibilitetsreaksjonar og hovudverk. Alkohol aukar effekten av amina.

Vi spør kjemikeren - Aminosyrer

Histamin er det viktigaste biogene aminet. Det er usikkert om histaminnivået i vin kan føre til biologiske reaksjonar, dermed er det vanskeleg å påvise nokon samanheng mellom hovudpine og histamin i raudvin. Tyramin er eit amin som finst i raudvin, og som kanskje kan føre til hovudpine når kroppen ikkje klarer å bryte det ned. Stress og alkohol kan hindre nedbrytinga av tyramin i kroppen.

Korleis kan kroppen reagere?

Vondt i hovudet

For personar som lett får vondt i hovudet, kan ei lita mengd raudvin vere nok til å framkalle kraftig hovudpine. I tillegg kan ein få ein smerteleg dagen derpå som ikkje står i forhold til mengda vin som blei konsumert. Hovudpina er ein del av eit symptomkompleks som blir kalla raudvinshovudpine, og årsaka kan vere både psykisk og fysisk.

Vi veit dessverre lite om årsaka, og truleg er ho samansett. Enkelte får vondt i hovudet av vinar frå éin region eller eitt land, nokre berre av franske, mens andre berre av amerikanske – utan at det kan forklarast vitskapleg. Enkelte biogene amin kan vere utløysande faktorar.

Diabetes

Har du diabetes, skal du vere bevisst på det daglege inntaket av karbohydrat som sukker, men du skal òg vere varsam når du drikk alkohol. Sukkermengda varierer mykje blant produkta våre. Mest sukker er det i likørar, søte vinar og mange sterkvinar som til dømes portvin og sherry.

Halvtørre vinar, mange øl og dei fleste alkoholfrie vinar inneheld òg ein del sukker. Minst sukker er det i tørre vinar, anten dei er kvite, raude, rosa eller musserande, men ver klar over at sukkermengda innanfor desse produktgruppene kan variere mellom 0 og 10 gram sukker per liter.

Tenk òg over at alkohol kan forstyrre blodsukkerreguleringa og auke risikoen for ulike komplikasjonar. Ikkje drikk så mykje at du mister kontrollen. Det kan vere farleg. Det er òg viktig at dei du er saman med, veit at du har diabetes, og at dei tenkjer på at det ikkje nødvendigvis er alkoholen som gjer at du ikkje oppfører deg som du skal – eller blir bevisstlaus. Årsaka kan vere lågt blodsukker (føling, hypoglykemi). Ta kontakt med legen din dersom du er usikker på kva du kan drikke.

Rødming

Hos somme kan ei lita mengd alkohol gjere at ansikt, hals eller bryst raudnar. Det er ikkje allergi. Faktorar som bidreg til raudninga, kan vere menopause (overgangsalderen), anlegg for acne rosacea (arveleg og medfødd disposisjon for raudning), mangel på eller eit ikkje-fungerande enzym i kroppen som heiter aldehyd dehydrogenase (vanleg blant asiatar, sjeldan blant andre), og frykt for sosiale situasjonar.

Plutseleg raudning kan òg komme av legemiddel som antabus og metronidazol og takrolimussalven ProtopicR. Reaksjonen blir forsterka i badstove.

Glutenintoleranse

Ein person som har glutenintoleranse eller cøliaki, reagerer på gluten, eit protein som finst i ulike kornsortar, særleg kveite, men òg i bygg og rug. Nesten alt øl inneheld gluten ettersom det er laga på malta og umalta korn. Det finst øl der kornet er erstatta med mais, ris, sukker, stivelse eller durra. Nokre av desse øla kan likevel innehalde små mengder protein frå korn, og dermed gluten, sjølv om det står i innhaldslista at det berre er brukt kornerstatningar som til dømes mais.

Under destillering av kornbrennevin følgjer det ikkje gluten med. Kornbrennevin som whisky og mange typar vodka skal derfor i utgangspunktet ikkje innehalde gluten, men nokre unntak kan finnast.

Brennevin som til dømes likør og akevitt kan vere tilsett stoff som inneheld gluten. Det er òg lurt å tenkje over at alkohol irriterer slimhinnene i tarmen og dermed kan vere skadeleg for personar som har glutenintoleranse eller cøliaki.

Dersom sjølv små mengder gluten gir deg symptom, bør du snakke med legen din om kva du kan drikke.

Oversensibilitet

Oversensibilitet kan komme av allergi eller andre og ofte ukjende mekanismar. Allergi vil seie at nokre stoff som er framande for kroppen (såkalla allergen eller allergiframkallande stoff), kan gi opphav til ein utenleg og symptomgivande reaksjon frå immunsystemet til kroppen.

Allergitestar (prikktest, spesifikt IgE) mot stoffet/stoffa som utløyser allergien, vil då vanlegvis gi utslag. Symptom på allergi er mellom anna eksem, elveblest, raud hud, mageproblem, betennelse og kløe i auget, allergisk astma og nysing og kløe i nasen. Men alle desse symptoma kan ha andre årsaker enn allergi òg.

Det finst personar som har allergisk oversensibilitet for visse stoff i alkoholhaldig drikke. Slik oversensibilitet kan utløyse reaksjonar som liknar på allergiske reaksjonar, men allergitestar vil ikkje slå ut fordi mekanismane er annleis.

Stoff som kan framkalle oversensibilitet

Svovelsambindingar

Svovel i ulike former blir brukt som konserveringsmiddel i vin. Som nemnt tidlegare inneheld kvite vinar ofte meir svovel enn raude, mens søte vinar som regel inneheld mest svovel. Det er nesten uråd å lage vin som ikkje inneheld noko svovel, men økologisk og biodynamisk vin har som regel dei lågaste verdiane. Nokre astmatikarar er oversensible mot sulfitt, men kva mengd som utløyser ein reaksjon, varierer så mykje frå person til person at det ikkje er råd å oppgi nøyaktige grenseverdiar. Det er ikkje svoveldioksid i destillerte drikker som vodka, cognac, rom og whisky.

Svovelsambindingar kan forverre symptoma hos astmatikarar. Svovelsambindingar kan føre til astmatisk snue. Dessutan kan elveblest og atopisk eksem bli verre av dei. Reaksjonar på svovelsambindingar er som regel ein ikkje-allergisk oversensibilitetsreaksjon. Alvorlege reaksjonar er svært uvanlege.

Tannin

Det er ei vanleg oppfatning at tannin i vinen gir hovudpine. Men det er usikkert om det faktisk stemmer.

Tannin høyrer til gruppa plantefenol og finst naturleg i alt som høyrer til planteriket. Tannin beskyttar plantar mot skadedyr, bakteriar og mikrobar, i tillegg til at dei mellom anna hindrar feitt i å harskne.

Mest tannin er det i forskjellige typar bark og i skalet på frukt og bær. Både te og kaffi inneheld mykje tannin. Drueskal inneheld mange av dei stoffa vi finn i raudvin, og tannin er det mest kjende av dei. Tannininnhaldet i raudvin er cirka 1,5 gram per liter, samanlikna med 0,15 gram per liter i kvitvin.

Podkast 240. Tannin WTF!

Bli kjent med tannin, også kalt garvestoff, garvesyre og mye annet. Hva er tannin, hvor kommer det fra, hvordan smaker det og ikke minst, renser tannin fett eller gir det deg vondt i hodet?

Fargestoff

Tilsette fargestoff kan framkalle allergiske reaksjonar. Det kan finnast tilsett fargestoff i likørar, brunt brennevin, bitter og blandingsdrikker. Fargestoffet karmin blir brukt i raud bitter og kan utløyse astma og akutte allergiske reaksjonar hos visse personar, iblant til og med allergisk sjokk.

Podkast 89. Gjær - naturvin, spontangjæring og estere

Hva er egentlig naturvin? Hvordan smaker vindruer før de knuses og begynner å gjære? Og hva betyr «brettanomyces» og «spontangjæret»?

Gjær

Personar som lir av gjærallergi, kan i mange tilfelle drikke vin ettersom gjærcellene ofte blir filtrerte bort. Ver merksam på at enkelte typar vin kan innehalde gjærrestar. Det gjeld spesielt musserande vinar som har blitt ettergjæra på flaske, og ufiltrerte raude og kvite vinar. For øl er det langt vanlegare med ettergjæring på flaske og såleis òg med gjærrestar. Det er spesielt overgjæra og spontangjæra øl som kan ha dette.

Øl- og vingjær høyrer til familien Saccharomyces. Det gjer òg vanleg bakegjær. Opptil 80–90 prosent av alle som er allergiske mot den eine typen gjær, er òg oversensible for andre gjærsortar.

Andre stoff som kan framkalle oversensibilitet

Delar av druene kan framkalle allergiske reaksjonar ved inntak av vin dersom ein er allergisk mot druer. Likeins kan det ved hausting av druene bli med bier og andre insekt. Det er beskrive allergiske reaksjonar mot vin på grunn av innhald av bigift.

Personar med allergi mot mjølkeprotein og personar som lir av laktoseintoleranse, bør unngå kremlikørar som inneheld mjølkeprotein eller laktose (mjølkesukker).

Alkoholen forsterkar allergiske reaksjonar mot mat og drikke.

Økologiske produkter

Ein del av produkta våre er merkte med ”økologisk”. Det kan vere vin, men òg øl, sider, cognac og anna brennevin. Økologisk vil seie at dei er godkjende av Debio eller andre organisasjonar. Det finst ingen økologiske krav til framstillinga av produkta, berre til dyrkinga av råvara, som ikkje kan ha vore behandla med syntetiske ugrasmiddel, skadedyrmiddel, plantevernmiddel eller kunstgjødsel. Produkta varierer derfor i stil og kvalitet som andre produkt.

Biodynamiske produkter

I tillegg til å dyrke råvarene økologisk dyrkar biodynamiske produsentar etter rytmen i naturen. Arbeidet i vinmarka, potetåkeren eller eplehagen følgjer fasane til sola, månen og planetane. Jorda og plantane blir i tillegg behandla med naturlege preparat og vekstavkok. Godkjende biodynamiske produkt er òg merkte med «økologisk» på Vinmonopolet.

Podkast 9. Hva er økologisk vin?

Hva er forskjellen på økologisk vin og vanlig vin? Hva gjør en vin økologisk, og smaker den annerledes?

Genmodifiserte organismer (GMO)

Dersom øl, vin eller sprit er framstilt på genmodifiserte råvarer, skal det merkjast tydeleg på flaska, sjølv om dei genmodifiserte råvarene ikkje kan sporast i produktet. Prosesshjelpemiddel som ikkje kan sporast, til dømes genmodifisert gjær som blir filtrert bort, treng ikkje merkjast. Er det derimot genmodifisert gjær i det ferdige ølet, til dømes i eit flaskegjæra øl, må det opplysast om det på flaska

Nyttige nettstader

Mattilsynet: Regelverk og informasjon om dei enkelte stoffa

Lovdata.no - Matlova:

Lovdata.no - Vinforskriften

Lovdata.no - Forskrift om alkoholsterke og aromatiserte drikker mv.

Matportalen - Informasjon om sunn og trygg fra Mattilsynet m.fl.

The International Organisation of Vine and Wine