
Vel miljøsmart emballasje
Lett emballasje er eit smart miljøval. Vi jobbar bevisst for å få fleire produkt over på lettvektsemballasje som lette glasflasker, plastflasker, «ståande posar», aluminium og kartong. Dei lette og miljøsmarte produkta blir merkte «miljøsmart emballasje» i butikkane våre. Sjå etter dette merket, eller spør i butikk om miljøsmart emballasje. Ein ekstra bonus er jo at desse produkta er lettare å bere med seg òg!
Sjå etter pantemerket!
Jo lettare emballasjen er, dess meir miljøsmart er han. Plastflasker har derfor betydeleg lågare klimaavtrykk enn glasflasker. Med pant sikrar vi resirkulering og at flaskene ikkje hamnar i naturen. Er du usikker på om produktet har pant? Sjå etter pantemerket på etiketten, eller filtrer etter emballasjetype (emballasje med pant) i søk på Vinmonopolet.no. Plastflaskene våre kan returnerast saman med andre panteflasker. Panten er 3 kroner for 0,75 l-flaske (2 kroner for dei under 0,5 liter).
Ta med eigen pose, eller bruk pappkassene våre
Dei fleste av oss fraktar polvarene heim i plastposar. Årleg blir oppunder 20 millionar polposar borne ut frå butikkane våre! Vi jobbar for å få ned forbruket av plastposar og håper du vil hjelpe oss med dette. Her er nokre tips:
- Planlegg handleturen. Ta gjerne med deg noko å bere varene dine i.
- Bruk gjenbruksnetta våre! Om nettet blir øydelagd, får du eit nytt av oss – heilt gratis.
- Hugs at vi har gratis pappkasser du kan bere flaskene i.
Hugs at vi tek retur av varer
Kjøpte du for mykje og har igjen vin etter selskapet? Hugs at vi tek retur av uopna flasker. Det kan vere lurt å avtale det på førehand med det lokale vinmonopolet ditt. Hugs kvittering!
Ta vare på vinrestane
Ein opna vin held seg fint i nokre dagar, nokre gonger opptil ei veke. Hugs å setje på kork, og la den opna vinflaska stå i kjøleskapet. Vi sel utstyr som gjer det mogleg å ta vare på vinrestane endå lenger.
Vinslantar er veldig fint å bruke i matlaging. Du kan samle slantane i ei flaske eller eit glas som du har på kjøkkenbenken og bruker i gryter eller sausar. Ein oksidert vin kan du fint bruke i matlaging, men det er òg mogleg å fryse ned vinrestane og bruke det når du treng det.
Visste du at du til og med kan bruke korka vin i maten? Spesielt i gryter som blir kokte lenge, er det ikkje mogleg å smake vinfeila i vinen som blir brukt i maten.
Det er enkelt å lage sin eigen vineddik. Ha vinrestane på eit glas eller flaske. Tilset 2–3 ms kjøpeeddik eller eigenlaga eddik, og set til gjæring. Dekk opninga med eit klede mens det gjærar, og set kork eller lokk på når du synest han er syrleg nok.
Tenk på forbruket
Høgt forbruk er ein del av klima- og miljøutfordringane i verda, og det mest effektive vi kan gjere, er å redusere forbruket vårt. Litt måtehald er bra både for moder jord og ikkje minst for deg og di eiga helse.