Tilbake
Kundeservice

Kva er gyldig legitimasjon på Polet?

Alle under 25 år må vise gyldig legitimasjon for å få handle alkohol hos oss. Her kan du sjå kva typar legitimasjon vi aksepterer.
vis leg.jpg

Gyldig legitimasjon på Polet

Vi godtek desse typane legitimasjon ved sal i butikkane våre, ved utlevering på posten eller levering på dør:

  • Førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
  • Pass 
  • Nasjonalt ID-kort 
  • Digital ID i BankID-appen (ny fra 11.3.2024)
  • Bankkort med bilete  
  • Forsvarets ID-kort 
  • Opphaldskort
  • Utlendingspass 
  • Asylsøkerbevis
  • Reisebevis for flyktningar 

Digitalt førarkort og bilete av legitimasjonen er ikkje gyldig legitimasjon. Utgått legitimasjon kan heller ikkje brukast.

Vi godtek òg utanlandsk legitimasjon i form av pass, førarkort, bankkort med bilete og nasjonalt ID-kort utskrive av styresmaktene i det aktuelle landet.

Aldersgrensene

For å handle varer med 22 % alkohol eller meir må du vere 20 år. For å handle alkoholhaldig drikke med lågare alkoholprosent må du vere minst 18 år. 

Inga aldersgrense på alkoholfritt og gåvekort på Vinmonopolet

Kven som helst kan kjøpe alkoholfrie produkt hos oss. Du må heller ikkje vere over 18 eller ha gyldig legitimasjon for å kjøpe gåvekort hos oss.

Vi politimelder bruk av falsk eller lånt legitimasjon

I ei undersøking frå Næringsetaten i Oslo kom det fram at 13 prosent av ungdommane frå 15 til 17 år hadde brukt falsk leg. Fire prosent svarte at dei hadde brukt falsk leg på Polet. Ein del låner òg legitimasjon av venner eller eldre søsken. Men uansett om ein tuklar med sin eigen legitimasjon, bruker forfalska identitetsbevis eller prøver seg med lånt kort, blir det rekna som dokumentfalsk, noko som kan føre til strenge straffer. Vi politimelder bruk av falsk eller lånt leg.

Vinmonopolet kan nekte sal

Det kan òg vere greitt å vite at vi ikkje sel alkoholhaldig drikk til personar som er openbert rusa. Vi sel heller ikkje dersom det er reell mistanke om langing – at varene blir kjøpte til mindreårige.