Tilbake
Om ossVår historie

Ansvarleg sal: Frå svartelister til kjærleik

Å selje alkohol med ansvar er Vinmonopolets samfunnsoppdrag, i dag som for hundre år sidan. Men svartelistene er heldigvis bytte ut med kjærleik.
Kjærlighet på pinne i ulike farger ligger i vifteform på hvit bakgrunn.

Lokale svartelister

I 1930 innførte Vinmonopolet svartelister for å registrere dei som ikkje hadde rett til å kjøpe alkohol. Det var ingen sentralt samkøyrde lister, dei blei førte i dei enkelte utsala. Svartelistene fanst over heile landet, bortsett frå i dei største byane. Systemet fungerte nemleg best på mindre stader der dei tilsette kjende alle kundane, sidan det ikkje var noka generell legitimasjonsplikt i Vinmonopolets butikkar.

Listene bestod først og fremst av personar som hadde blitt straffa for alkoholrelaterte lovbrot fleire gonger. Politiet, edruskapskomiteen, fattigvesenet og verjerådet kunne be Vinmonopolet om å svarteliste personar. Talet på svartelista nådde ein topp på 1950-talet, men systemet levde heilt fram til siste del av 1970-åra.

Det norske systemet med svartelister var faktisk mindre strengt enn på det svenske Systembolaget. Der måtte ein nemleg ha eit særskilt løyve, registrert i ei såkalla motbok, for å handle. Vanlegvis fekk verken ungdommar, folk som var dømde for fyll, dei som var utan fast bustad, gifte kvinner eller folk på sjukeheim ei slik motbok.

    Gammel bok med sirlig håndskrift. Mye av teksten er sladdet.

    Normalt gjaldt svartelistinga for eitt år om gongen. I ein møteprotokoll for «det stedelige styre på Vinmonopolets kontor» finn vi for møtet i november 1953 at kjøpeforbodet går ut for åtte namngitte personar i Drøbak. Men teksten sluttar ikkje der. «Da samtlige av disse personer fortsatt er notorisk misbrukere, besluttet styret å forlenge kjøpeforbudet for dem alle ydeligere 1 år ...», står det vidare. Når ein blar litt i boka, viser det seg at mange av dei same namna er å finne fleire år på rad.

    Nasjonale haldningskampanjar

    På 1970-talet skjerpa Vinmonopolet alderskontrollen i butikkane. I butikkane førte ein statistikk over kor mange som blei nekta å handle på grunn av alder og rus. I 1973 blei aldersgrensa på kjøp av brennevin sett ned frå 21 til 20 år, men likevel steig talet på nektingar av folk som var for unge.

    Tidleg på 2000-talet starta Vinmonopolet årlege haldningskampanjar med bodskap om alderskontroll og langing. Særleg om sommaren og rundt juletider har vi også gitt ut informasjon om risiko ved alkoholbruk.

    Ikkje kjøp alkohol til mindreårige!

    Vinmonopolet tar eit særleg ansvar for å verne mindreårige mot skadar ved alkoholbruk. Vi definerer langing som det å skaffe alkohol til nokon som ikkje sjølv er gammal nok til å handle.

    Dei første langingskampanjane ville forhindre at foreldre kjøpte alkohol til dei mindreårige barna sine. I 2001 kjøpte mange alkohol til barna på Polet eller sende med dei noko heimanfrå når dei skulle på fest – «då veit vi i alle fall kva dei drikk», var argumentet. Men kampanjane informerte om at røyndommen var annleis. Alkoholen heimanfrå kjem på toppen av det dei unge får tak i på anna vis.

    En dame sitter fremoverlent på en seng og ser bekymret ut.

    Risiko og ansvar

    Fleire av kampanjeelementa informerte om risiko for ulykker, vald og andre uønskte situasjonar ved alkoholbruk. Du har eit ansvar for kva som skjer, viss du kjøper til mindreårige, var bodskapen i desse kampanjane. 

    Vi retta kampanjar mot foreldre til og med 2009, då Vinmonopolets undersøkingar viste ein gledeleg nedgang i delen av foreldre som kjøpte alkohol til barna sine. Frå 2010 blei eldre søsken og venner den viktigaste målgruppa for kampanjane, sidan dei no blei den største leverandøren av alkohol til mindreårige.

    Vis leg uoppmoda!

    Då dei første alderskampanjane blei gjennomførte på slutten av 1990-talet, var det ei utfordring at dei butikktilsette måtte be alle unge om å vise legitimasjon. Bodskapen i alderskampanjane våre er derfor at alle mellom 18 og 25 år skal vise leg uoppmoda. I løpet av 2010 var det for første gong fleire som gjorde dette, enn som måtte spørjast.

    Plakat som viser Tone Damlie og tekst "Mellom 18-25 år? Vis leg uoppfordret. Nekter du? Ring Tone så kan kanskje hun overtale deg...?"

    Ungdomskjendisar

    Alderskampanjane har mellom anna brukt dei største ungdomskjendisane i tida til å fronte bodskapen. I 2010–11 kunne dei unge ringje eit telefonnummer og høyre Tone Damli lese ei innspelt melding.

    Illustrasjon av en bie og skriften "Vis leg. Redd en bie."

    Redd ei bie

    I 2014–15 spelte kampanjen på problemet med biedød. Unge som viste leg uoppmoda, var med på å redde ei bie. For første gong fekk dei også ein kjærleik som takk for hjelpa.

    En spaniel ser mot kamera. Tekst: "Hei, jeg heter Tutta. Eg er trent opp til å lukte bruk av falsk eller lånt ID."

    Tutta

    I 2013 møtte dei unge kundane Tutta – hunden som snuste seg fram til falsk leg! Bodskapen i kampanjen var at bruk av falsk eller lånt legitimasjon kan få alvorlege konsekvensar som prikk på rullebladet, bøter og fengsel.

    Strektegning av 4 unge mennesker med munnbind og tekst: "Under 25? Takk for at du tar av munnbindet og viser leg."

    Munnbind

    I løpet av koronatida har vi bede mange fleire unge om å vise legitimasjon. Dei viktigaste grunnane er bruken av munnbind og at vi har hatt mange fleire kundar enn normalt i denne perioden. Annonsen blei vist på Facebook i 2021.

    Sidan stadig nye kull av unge kjem inn i målgruppa, er alderskampanjane stadig i gang. Kampanjebodskapen blir først og fremst spreidd i sosiale medium som dei unge i målgruppa nyttar: Snapchat, Facebook og Instagram.

    Gjennom mystery shopping (ei måling med anonyme kundar i målgruppa) blir både Polet og daglegvarehandelen målte på kor godt dei tilsette treffer på alderskontroll i butikk. Resultatet for Vinmonopolet er godt, med eit snitt på over 90 prosent gjennom heile perioden 2008–2019.

    Podkast 237. Seiersrus og svartelister - Vinmonopolets historie del 5

    Krigen er over og landet skal gjenreises. Men frihetens rus er ikke den eneste rusen, dessverre.