Tilbake
Om ossVår historie

Polkøens historie

Polkøen er kanskje den einaste norske køen som har fått eit eige namn. Sjølv om Polet ikkje først og fremst har blitt elska for køane, fortel dei noko om kva handlemønster folk har hatt gjennom tidene.
sort-hvitt bilde av folk med bøtter i kø foran et vinmonopol.

Se filmen om polkøen gjennom 100 år

Følg oss på YouTube

Vinhandel på 1-2-3

Då Vinmonopolet blei etablert i 1922, var det vanleg med ekspedisjon i tre trinn i butikkane. Dette varte heilt fram til rundt 1960.

Kundane måtte innom tre stasjonar inne i lokalet. Første post var bestillingsdisken (i forgrunnen til venstre på biletet under). Her blei bestillinga skriven ut på paragonblokker, der to eksemplar hadde det same nummeret – éi kundekvittering og éin kontrollsetel. Varene blei så betalte i kassekiosken (nedst til høgre). Til slutt blei flaskene henta fram, pakka inn og leverte ut (øvst til høgre).

Biletet under er frå Torget 12 i Oslo ca. 1928. 

Utsikt til butikklokalet med to køer som går hver sin vei. Sort-hvitt bilde.

Køassistanse

Det var lange polkøar under krigen. Arbeidslause «dagdrivarar» tok jobb som køståarar mot god betaling. Folk annonserte i avisene: "Dame står i polkø hver dag. Bill. mrk Først ute." Eller "Vi står i alle slags vær. Ring Kø-assistansen."

Lang kø med menn i frakk og hatt som står tett foran et Vinmonopol. Sort-hvitt bilde.
Foto: Vinmonopolet

Køforbod

Politiet innførte køforbod. Folk vandra derfor «tilfeldig» i gata like før opningstid, for så å styrte til dørene i den augneblinken dei blei opna. Biletet er tatt på Egertorget i Oslo i 1944. Ein politimann held auge med klokka i Freia-reklamen.

En politimann står stille blant en gruppe mennesker som løper mot venstre. Sort-hvitt bilde.
Foto: Vinmonopolet

Aprilspøk

Aftenposten sin aprilspøk i 1950 lurte mange. Polet hadde gått tom for flasker og selde ut billeg vin til dei som hadde med eigne spann, skreiv dei. Spøken var så vellykka at han blei gjentatt fleire gonger.

På bildet i toppen av artikkelen ser du han skapte kø utanfor polet på Majorstua 1. april 1969. Bildet er tatt av Henrik Ørsted, Oslo Museum/oslobilder.no.

«Peikebøker»

Køane blei ofte lange framfor diskane. Folk kjøpte gjerne det same kvar gong og brukte prislistene som «peikebøker» for å sleppe å uttale vanskelege namn (sjølv om det ein periode stod lydskrift på enkelte vinnamn i prislistene).

Spørsmål til ekspeditøren var ikkje alltid så populære blant dei som stod bak i køen. Dei store butikkane hadde skrankar som heldt orden på kundane mens dei venta på tur.

Biletet under er tatt i Storgata i Oslo før jul 1953.

En lang rekke folk sluses i kø ved hjelp av gjerder i et polutsalg.Sort-hvitt bilde.
Foto: Vinmonopolet

Kølapp og monter

Kølappsystem blei innført første gong midt på 1980-talet. Med kølappane kunne kundane bevege seg fritt eller sitje i sofagrupper i kundelokalet. Somme fekk nok òg inspirasjon ved å sjå i montrane der eit lite utval av varene var utstilte. Det blei lettare for kundane å be om hjelp når dei ikkje hadde køen rett bak seg. Kjensla av alltid å hamne i feil kø forsvann då ventetida blei jamna ut.

Biletet under er frå City Syd i Trondheim, 1987.

Flere damer på rekke og rad bak en lang disk.
Foto: Vinmonopolet/Fotograf Schrøder AS

Sjølvbetening

Sjølv om sjølvbeteningssystemet kom til Noreg på 1950-talet, bestod diskane på Vinmonopolet heilt fram til ei toårs prøveordning for sjølvbetening i 1999 blei starten på ei gradvis omlegging. Frå november 2001 kunne Vinmonopolet søkje kommunane om sjølvbetente butikkar. Butikken på Grünerløkka i Oslo var den siste som blei bygd om frå disk til sjølvbetening i 2011.

Salsmønsteret endra seg då kundane no kunne gå omkring og sjå på varene. Folk blei overraska over mangfaldet i sortimentet, og bestseljarane utgjorde etter kvart ein stadig mindre del av salet. Det blei hyggjelegare å handle, lettare å spørje om hjelp og meir inspirerande å prøve noko nytt, uttalte kundar til Vinbladet i 2003.

Utsikt til butikklokalet, med svalrom til venstre og rader med flasker i bakgrunnen til høyre.
Foto: Vinmonopolet/Ellen Jarli

Soveposekø

Polkøen finst framleis, og i samband med nyheitsslepp i spesialutvalet er det enkelte som tar han til eit nytt nivå. Etter fleire netter i sovepose utanfor butikken på Aker Brygge får dei ivrigaste tak i ein kølapp som gir rett til å handle dei aller mest ettertrakta varene.

Koronakø

"Koronakø" dukka opp som omgrep fleire stader i løpet av pandemien. Samfunnsoppdraget til Vinmonopolet er å selje alkohol med ansvar, noko som òg omfattar smittevern i butikkane våre. Når det blei nødvendig å avgrense talet på kundar i lokalet, oppstod det av og til køar utanfor. Dei fleste erfarte heldigvis at køen gikk fort unna, og viste stort tolmod for å bidra til tryggleik for seg sjølve og andre.

Nettkø

Når attraktive nye varer blir lagde ut for sal, blir det òg kø i nettbutikken vår. For å sikre at kundane får gjennomført handelen på ein god måte, sjølv ved stor pågang, har vi etablert eit køsystem. Ein digital kø har mykje større kapasitet enn ein fysisk kø. På det meste har det vore meir enn 14 000 kundar i venterommet, likevel har alle fått handla i løpet av formiddagen.

Hånd som holder en mobil der det står "du er nå i kø".

Ei køfri framtid?

I dag er ei enkel og effektiv handleoppleving veldig viktig for mange kundar. Derfor jobbar vi med å teste og utvikle sjølvbeteningsløysingar som mogleggjer ein enkel handel, samtidig som vi varetar det ansvarlege salet like godt som vi alltid har gjort. Døme på konsept vi testar, er sjølvbetente henteskap for kundeordrar og sjølvbeteningskassar i butikk.