Tilbake
SmakeskoleØlsmaking

Start ein ølklubb

Det er vanskeleg å diskutere med seg sjølv. Her er nokre tips om de vil smake øl saman.
superhelt-lklubb-mska-l-sammen-av.jpg

Er de fleire, vil de fort finne ut at de opplever øl forskjellig og legg vekt på ulike ting. Somme har kanskje ord for det du ikkje klarte å setje fingeren på. 

Smak blindt og lær meir

Dette er kanskje det viktigaste tipset av dei alle. Når de ikkje veit kva det er de har i glasa, er det lettare å vurdere ølet utan fordommar og forventningar. Stol på deg sjølv og det du kjenner – ikkje etiketten. Kanskje får du deg ei overrasking.

Slik forebur du blindsmaking

Sørg for at dei andre ikkje ser kva øl dei blir servert. Du kan anten dekkje til flaskene med aluminiumsfolie, nokre reine sokkar, eller du kan skjenkje ølet over på ein karaffel eller i ei mugge.

Øl – ord og uttrykk

Det kan vere lurt a spytte

Skal de prøve mange øl er det lettere å holde konsentrasjonen oppe om de spytter underveis. Bruke en liten bøtte, krukke eller en kopp. Ordentlige spytt-bakker får ein kjøpt i mange butikker som selger kjøkkenutstyr

Vinglas

Ja, du las rett. Halvlitersglaset duger ikkje her. Bruk glas med tulipanform, så blir det lettare å kjenne lukta av ølet. Skyl glasa med vatn før du bruker dei. Innimellom kan det lukte litt av glas som har stått lenge i skapet. Det er fint om du har fleire glas til kvar enkelt som skal smake. Då kan de samanlikne øla de prøver, undervegs.

Bare litt øl i glaset er nok

Til smakinga treng du berre 4–5 cl øl i glaset. Ei halvliters flaske rekk dermed til ti personar når de berre skal smake.

Unngå sterke lukter

Det er ikkje lett å høyre kva nokon seier, når du sit i eit rom der det blir spelt høg musikk. Slik er det òg med lukter. Det er ikkje lett å kjenne kva ølet luktar, om det dunstar av parfyme, steikjeos eller røyk rundt deg.

Gi beskjed til gjestene dine før smakinga, så slepp du å be dei gå på badet for å vaske av seg parfymen.

Podkast 39. Lær å smake øl

Vi går gjennom smaketeknikken, og snakker om hva vi bør kjenne etter for å vurdere om et øl holder høy kvalitet.