Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Coq-au-vin-polkokkene-iStock-000024159436-1800px-red.jpg
Foto: istockphoto.com

Drikke til coq au vin

Franske klassikarar som coq au vin blir aldri feil. Denne gryta smaker meir enn berre hane og vin. Hell ein rimeleg vin i gryta, og skjenk heller ein stilig vin i glaset.


Det er berre ein myte at du må velje same vinen i gryta som den du drikk til.

Coq au vin inneheld grønsaker, kjøtt og vin. I gryta har dei fått godgjere seg til ei herleg blanding av ulike smakar. Det smaker karamellisert, søtt, krydra og samtidig litt friskt.

Raudvin

Dei fleste bruker raudvin til coq au vin. Vinen kan godt vere samansett og utvikla, litt sånn som gryta. I Frankrike blir coq au vin laga over heile landet, og ein bruker gjerne lokale vinar. Klassikarar er vin frå Burgund eller Rhône, men det finst mange rimelegare alternativ som smaker bra.

Kvitvin

Stadig fleire føretrekkjer det lette og lyse når det gjeld både mat og drikke. Coq
au Riesling er ein kvitvinsklassikar frå Alsace. Det er naturleg å servere ein Alsace Riesling til.

Øl

Sjølv om det er vin i gryta, kan du drikke øl til. Prøv øl med litt maltsøtleik utan at det er heilt mørkt. Brown ale, porter, bruin eller bokkøl passar bra.

Alkoholfritt

Mellommørkt alkoholfritt øl eller eplemost med kirsebær, blåbær eller aronia passar flott til.