Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Drikke til ostefatet

Drikke til ostefatet 3, iStock_000069813511_Large-1800x1200.jpg

Her får du forslag til tre ulike ostefat med passande drikke. Fat ein og to består av ostar som liknar kvarandre, mens nummer tre er tradisjonelt med fleire ulike ostetypar.

Tekst:

foto

Foto:
istockphoto.com

Å finne éin passande vin til eit variert ostefat kan vere ei utfordring, slik det er vanskeleg å bruke éin vin gjennom ein femrettars meny. 

Ostefat 1: middels kraftige ostar

Sveitserost, emmentaler, gruyère, parmesan (parmigiano-reggiano)

Ostefatet består av berre faste og halvfaste ostar av kumjølk med liknande eigenskapar, som gjer det lettare å finne éi drikke til alle ostane trass i visse smaksforskjellar. Chardonnay frå Burgund, Pinot Noir frå USA eller eit belgisk kveiteøl kjem alle til å fungere. Eit slikt ostefat er ein fin måte å smake nyansane mellom i utgangspunktet ganske like ostar.

Ostefat 2: raudkittostar

Taleggio, langres, munster, epoisses de bourgogne

Ostane har intens lukt og litt mildare, men markant smak. Dette er kanskje ostefatet for den vidarekomne? Uansett er det interessant å samanlikne ostane i same kategorien. Med så pass like eigenskapar er det lettare å finne éi drikke som går bra til alle. Konsentrerte smakar i ostane krev den same konsentrasjonen i drikkevalet. Det litt salte og syrlege må møtast med høg friskleik.

Valet fell på ein Chablis premier cru med mineralsk aroma, god fylde og lang ettersmak.

Ostefat 3: blanda ostar – det tradisjonelle

Kremost med urter, port salut, saint-maure de tourraine (chèvre), brie de meaux, roquefort

Her kan du velje fleire vinar eller éin middelveg. Den mildaste kremosten treng ein fruktig, frisk vin med moderat fylde, til dømes ein Soave eller Valpolicella. Dei kraftigaste og saltaste ostane kan ha ein rikare og søtare vin, til dømes ein Riesling auslese, sauternes eller søt vin frå Jurançon. Middelvegen blir ein Riesling Spätlese frå Tyskland eller ein Chenin Blanc frå Loire med god fylde. Prøv ein Fino sherry om du er i det dristige hjørnet!

 

Sjå også brosjyra vår "Drikke til ost" (PDF).