Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

kollasj, pulled pork vmp.no mai 2015, Erik Thallaug-1800px-red.jpg

Våre drikketips til den nye favoritten pulled pork

Pulled pork er ikkje vanskeleg å få til og krev ikkje mykje arbeid heller. Det som trengst, er først og fremst tid. Her får du våre drikketips til den populære retten.


Pulled pork er rett og slett eit stort stykke (svine)kjøtt som blir bakt eller aller helst grilla ved låg varme over lang tid, til det er så mørt at du enkelt kan dra kjøttfibrane frå kvarandre med hendene eller med to gaflar. Den amerikanske retten dukka opp i Noreg for nokre få år sidan og har blitt veldig populær.

Drikkeforslag til pulled pork

Pulled pork er som spareribs, pinnekjøtt eller kinamat med sursøt saus. Søtt og salt. Du treng noko som toler ein trøkk, men som òg vekkjer sansane dine med noko livleg og friskt.

ALKOHOLFRITT:

Saftig og smaksrik eplemost passar perfekt til pulled pork. Alkoholfritt øl smaker òg godt.

ØL:

Mellommørkt surøl som raudt flamsk eller oud bruin er så godt som det kan bli, synest somme. Fleire bør prøve surøl, men ver åtvara, det smaker ikkje som anna øl. Blir det for surt, kan du blande det med litt bokkøl eller juleøl frå i fjor. Er du glad i bittert øl, kan ein IPA gi ein fin kontrast til det søte i maten.

KVITVIN:

Snille og smålåtne kvitvinar blir lett overdøyvde av pulled pork. Her må det litt saft og kraft til, og det kostar gjerne litt ekstra. Prøv vinar frå Alsace i Frankrike, Reinhessen eller Pfalz i Tyskland eller frå Wachau eller Kamptal i Austerrike.

RAUDVIN:

Mykje tannin er ikkje førstevalet til salt mat, men mange ønskjer likevel ein raudvin til grilla kjøtt. Prøv då ein fruktig og leskande vin, for eksempel av drua Pinot Noir frå USA eller New Zealand.

Pulled pork kan serverast på mange måtar

Mange serverer kjøttet i BBQ-saus med coleslaw i eit burgarbrød og med pommes frites til, i tråd med den amerikanske klassikaren. Men pulled pork kan brukast på mange måtar. Han kan serverast som taco med maislefser og salsa og med heimelaga tacokrydder. Du kan òg bruke det for eksempel i bagett eller lefse.

Seigt kjøtt blir mørt

Til pulled pork bruker ein store kjøttstykke som i utgangspunktet er seige, men som etter lang varmebehandling blir møre og veldig velsmakande. Nakke eller skulder på grisen er mykje brukt, men svineribbe eignar seg òg. Men det treng ikkje vere svinekjøtt, lam, storfekjøtt eller kalkun kan òg passe bra. Det går fint an å bruke kjøtt som har vore frose. Det viktige er å velje eit større kjøttstykke med ein del feitt.

Steikjeomn fungerer òg

Du treng ikkje grill for å lage god pulled pork. Det smaker òg veldig godt tillaga i steikjeomn, og resultatet blir mykje betre enn å kjøpe kjøttet ferdig steikt. I steikjeomnen får ikkje kjøttet røykpreg, men du kan eventuelt la det liggje litt på grillen til slutt, mens gjestene ser på.