Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Kommuner uten Pol

Åpning Bø i Vesterålen, butikk 300 mai 2015 9x6 - Øystein Lunde Ingvaldsen.jpg

Her finner du nyttig informasjon om hvordan prosessen er frem mot åpningen av et nytt Vinmonopol.

Tekst:
Svein Strand

foto

Foto:
Øystein Lunde Ingvaldsen

Frå kommunal kontakt til Pol

 
Slik er prosessen frå kommunen først tek kontakt, til butikken er nøkkelklar:
 
  1. Kommunen kjem med ein førespurnad om poletablering. Som oftast har kommunen behandla saka i kommunestyret.
  2. Når Vinmonopolet får førespurnaden, skifter kommunen status frå passiv til aktiv. For alle aktive kommunar gjer vi ein djupare analyse.
  3. Alle aktive kommunar er med i Vinmonopolets årlege vurderingar av nye butikkar. Kommunen treng ikkje kontakte Vinmonopolet på nytt.
  4. Styret i Vinmonopolet vedtek kvar haust (oktober–desember) nye butikketableringar for neste år.
  5. Vinmonopolet søkjer kommunen om salsløyve (etter styrevedtaket).
  6. Etter godkjent salsløyve har Vinmonopolet ein tilbodsførespurnad (annonsar i lokalpresse etc.) om lokale.
  7. Dei som har lokale, kontaktar Vinmonopolet.
  8. Vinmonopolet ser på alle eigna lokale som vi har fått tilbod om.
  9. Etter synfaringa vel vi det best eigna butikklokalet. Vi ønskjer sentral plassering i nærleiken av annan handel, gode parkeringsforhold, alt på eitt plan og god tilkomst for varebilane.
  10. Butikken er sjeldan innflyttingsklar. Det inneber at vi må teikne nye løysingar. Denne delen av prosessen kan ta frå tre til tolv veker.
  11. Kommunen godkjenner lokalet Vinmonopolet har valt.
  12. Kontrakten blir underteikna etter at teikningane er på plass.
  13. Tilpassing/utbygging av lokala. Omfanget av ombygginga og tilgangen på lokale handverkarar avgjer kor raskt butikken kan opne.
 
I dei fleste tilfella opnar butikkane frå seks til tolv månader etter at vedtaket om butikketablering er fatta.
 

Fakta om tilgjengelegheit

 

Ved utgangen av 2015 vil Vinmonopolet ha 315 butikkar. Dermed vil ca. 91 prosent av innbyggjarane i Noreg bu i ein kommune med eigen vinmonopolbutikk. 96 prosent vil bu i ein kommune med pol eller mindre enn 30 km frå eit pol. I perioden 2000–2015 opna Vinmonopolet om lag 185 nye butikkar, eit gjennomsnitt på over 11 butikkar per år.
 

Aktive kommunar

 
Per mars 2016 er det 99 aktive kommunar utan eigen Vinmonopolbutikk som ønskjer Pol.
 
Sjå oversikta nedst på denne sida. Lista blir oppdatert årleg.
 

Analysane

 
Vinmonopolet analyserer alle aktive kommunar.
 
Når ein kommune har kontakta Vinmonopolet, gjer vi ein djupare analyse av kommunen.
 
Analysen vurderer ulike forhold som kan tenkjast å påverke venta sal i kommunen. Det er venta sal som avgjer om det er grunnlag for etablering i kommunen, og kva butikkategori som er aktuell.

Analysane er baserte på fem nøkkelfaktorar:
Kjøpekraft
Busetjing
Avstand til nærmaste pol
Tettstad/handlesentrum
Ad hoc-faktorar
 

Kjøpekraft

 
Vi bruker detaljhandelsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og informasjon om Vinmonopolets sal i kommunar med butikk i ein regresjonsmodell. Regresjonsanalysen gir oss eit forholdstal – den statistiske samanhengen mellom kjøpekraft og Vinmonopolets sal i kommunar med vinmonopol – som vi bruker på kommunane utan vinmonopol.
 
Kjøpekrafta i ein kommune seier mellom anna noko om førekomsten av handel, etablerte handlemønster, inntektsnivå, innbyggjartal/kundekrets og infrastruktur.
 
Anslaget blir justert for lokale forhold som grensehandel, sesongsvingingar, turisme, busetjing og regionale forskjellar i drikkemønster.
 

Busetjing

 
Innbyggjartal, busetjingsmønster, talet på tettstader, storleiken på tettstadene, avstanden mellom tettstadene og eventuelle nabokommunar utan pol er faktorar som i større eller mindre grad påverkar venta sal i ein kommune.
 

Avstand til nærmaste pol

 
Avstanden frå handelssentrumet i kommunen til det nærmaste polet. Ein tek høgd for ferjer, bomstasjonar og vegstandard.
 

Tettstad/handelssentrum

 
Førekomst av tettstad eller handelssentrum.
 

Ad hoc

 
Turisme, hytter, alpinanlegg, knutepunkt, nærleik til hovudfartsåre, grensehandel, tradisjon for avhaldskultur, ferjetrafikk og andre faktorar som påverkar aktivitetsnivået i kommunane, er inkludert i analysane.

Butikklokaler - utlysninger

 
Når Vinmonopolet skal etablere nye butikker søker vi etter lokaler blant annet gjennom annonser i lokalaviser. Her finner du utlysningene som til enhver tid er aktuelle.
 
Alle våre butikketablering er med forbehold om kommunens godkjennelse. 
 

Felles for alle etableringer er at vi søker etter lokaler med sentral beliggenhet, og at vi legger særlig vekt på god publikumstilkomst, teknisk standard som møter Vinmonopolets behov og leievilkårene. 

Pr. 21. november 2018 er det 93 kommuner uten pol som ønsker at Vinmonopolet etablerer butikk i deres kommuner. Se oversikt her.