Tilbake

Lagre dine favorittar i lister

Med kundeprofil hos Vinmonopolet kan du enkelt halde oversikt over dine favorittar ved hjelp av lister.
favoritter (002).jpeg

Ved å registrere ein brukar i nettbutikken vår, enten på www.vinmonopolet.no eller i appen vår, får du tilgang til nokre smarte funksjonar. Du kan legge produkt direkte i favorittlista ved å merke dei med hjartet på produktet, eller så kan du opprette eigne lister. Dette gjer du ved å trykke på listesymbolet på produktet og legge til namnet på lista du vil registrere. Listene vil dukke opp når du trykker på listesymbolet, og du kan huke av for kva lister du vil legge eit spesifikt produkt i.

Skann strekkode for produktdetaljar

Med appen vår får du også moglegheit til å skanne strekkoden på produkta våre, og skanninga tek deg direkte til sida med produktdetaljar. Du kan også her trykke på hjertet for å lagre produktet som ein favoritt, eller legge det til i ei av listene du har oppretta sjølv. 
 
I tillegg til å bruke lister for å halde oversikt over kva du har smakt, så kan du også legge til kommentarar og stjernevurdering på produkta. Desse funksjonane finn du på produktsida, under produktet. 
 
Ta gjerne kontakt med [email protected] om du har spørsmål om eller innspel til forbetringar av Vinmonopolets nettbutikk.