Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Lagring av vin

lagring av vin, iStock_000078295459_1800-red.jpg

Vi skil mellom oppbevaring og lagring av vin. Lagring skal forbetre vinen gjennom modning. Oppbevaring skal berre bevare kvaliteten i vinen i tida mellom innkjøp og konsum.

Tekst:

foto

Foto:
istockphoto.com

Dei fleste vinar som blir laga i dag, er drikkeklare når du kjøper dei, og blir ikkje nemneverdig betre av å bli lagra. Likevel held dei seg ofte fint i eit par år på ein mørk og sval stad. Kvitvin og champagne er meir sensitive enn raudvin. Vin på flaske held seg lenger enn pappvin (Bag-in-Box).

Å lagre vin vil seie å oppbevare vinane i fleire år, slik at dei utviklar andre smakar og aromaer enn det dei har som unge. Desse vinane kan vere gode å drikke når ein kjøper dei, men vanlegvis «gir» dei lite då. Vi seier at dei er lukka, og at dei treng tid til å opne seg.

Optimale lagringsforhold

Vin bør lagrast mørkt og svalt ved ein jamn temperatur, gjerne mellom 6 og 18 °C. Vinen utviklar seg raskare ved høg temperatur enn låg. Over tid kan for høg eller låg temperatur, raske temperaturvariasjonar, lys og vibrasjonar gjere at taper vinen taper seg.

Eit kott eller eit skap på soverommet er som regel ein god stad å lagre vin dersom du ikkje har ein høveleg kjellar eller eit vinskap.

Kva er ein god årgang?

Skrukork og naturkork

Vinar med naturkork bør lagrast liggjande så korken ikkje tørkar ut og vinen blir oksidert. Vinar med skrukork kan lagrast både ståande og liggjande. Tidlegare antok ein at innsida av korken kunne skade om han var i kontakt med vinen. Det er ikkje tilfelle.

Kva skjer når ein lagrar vin?

Vinar som kan lagrast, vil utvikle andre smakar og aromaer enn det dei har som unge. Ferske og fruktige aromaer vil kunne utviklast til aromaer av til dømes tørka frukt, sopp og skogbotn. Vinar som «gjev» lite og er «lukka», vil kunne utvikle meir opne og sjenerøse aromaer. Tanninrike vinar får ofte ein mjukare struktur.

Når skal vinen drikkast?

Tidspunktet for å opne lagra vin er avhengig av typen vin du har, og kor godt utvikla du liker at vinen er. Det kan ta frå tre til fem år, eller langt over 10 år for dei mest lagringsdyktige. Uansett er det spennande å lagre vin for å sjå (og smake!) korleis han utviklar seg med åra.

Lagringsdyktige vintypar

Nokre vinar er betre eigna til å lagrast enn andre. Dei har alle til felles at dei er konsentrerte og friske. «Lukka» vinar vil kunne trenge lagring for å få vist aromaene sine.

Rimelegare: Vinar frå Sørvest-Frankrike, Jura og Portugal, og vinar på druene Riesling og Chenin Blanc

Dyrare: Vinar frå Bordeaux, Burgund, Nord-Rhône, Barolo, Barbaresco, Vintage portvin, Chablis, Riesling trockenbeerenauslese, Sentralburgund, Champagne, Sauternes, Tokaji eller vintage portvin.

Lagringspiktogramma

Lagringspiktogramma du finn på hylla og i nettbutikken, er Vinmonopolet sin rettleiande anbefaling for når vi meiner vinen bør konsumerast.

  • Ståande flaske: Vinen er drikkeklar no og blir ikkje betre ved lagring.
  • Skråstilt flaske: Vinen er drikkeklar no, men kan òg lagrast.
  • Liggjande flaske: Vinen bør lagrast. Kan vere god å drikke no, men vil utvikle seg positivt ved lagring. Vin med liggjande flaskesymbol kan gjerne lagrast over ti år, medan somme vil føretrekkje vinaene etter tre til fem år.