Tilbake
FagpratVinServeringstips for vin

Lagring av vin

Vi skil mellom oppbevaring og lagring av vin. Lagring skal forbetre vinen gjennom modning. Oppbevaring skal berre bevare kvaliteten i vinen i tida mellom innkjøp og konsum.
lagring-av-vin-AV.jpg
Foto: istockphoto.com

Dei fleste vinar som blir laga i dag, er drikkeklare når du kjøper dei, og blir ikkje nemneverdig betre av å bli lagra. Likevel held dei seg ofte fint i eit par år på ein mørk og sval stad. Kvitvin og champagne er meir sensitive enn raudvin. Vin på flaske held seg lenger enn pappvin (Bag-in-Box).

Å lagre vin vil seie å oppbevare vinane i fleire år, slik at dei utviklar andre smakar og aromaer enn det dei har som unge. Desse vinane kan vere gode å drikke når ein kjøper dei, men vanlegvis «gir» dei lite då. Vi seier at dei er lukka, og at dei treng tid til å opne seg.

Optimale lagringsforhold

Vin bør lagrast mørkt og svalt ved ein jamn temperatur, gjerne mellom 6 og 18 °C. Vinen utviklar seg raskare ved høg temperatur enn låg. Over tid kan for høg eller låg temperatur, raske temperaturvariasjonar, lys og vibrasjonar gjere at taper vinen taper seg.

Eit kott eller eit skap på soverommet er som regel ein god stad å lagre vin dersom du ikkje har ein høveleg kjellar eller eit vinskap.

Vibrasjoner

Lagrer du vin er det greit at den har det bra. At den ikke har det for varmt eller at den blir utsatt for lys. Men hvordan er det med vibrasjoner?

Kjøleskap er visstnok ikke egnet for å lagre vin fordi vibrasjonene er skadelig for vinen.

For å finne ut av det satte vi opp vårt eget eksperiment. Resultatet kan du høre om i podcasten vår.

Podkast 107. Vibrasjon: Kan man ha vin i kjøleskapet?

Dilemma: Hvis du måtte oppbevare all vinen din i kjøleskap eller i 19-20 grader, hva ville du valgt?

Podkast 191. Er vibrasjoner skadelig for vin?

Lagrer du vin er det greit at den har det bra. At den ikke har det for varmt eller at den blir utsatt for lys. Men hvordan er det med vibrasjoner?

Kva er ein god årgang?

Varme årgangar gir vin med smak av godt moden frukt og moderat med syre. Kjølige årgangar gir vin med høgare friskheit og ein kjøligare aromaprofil med innslag av mineral. Dårlege årgangar gir ubalanserte vinar.

Les mer om gode og mindre gode årganger

Skrukork og naturkork

Vinar med naturkork bør lagrast liggjande så korken ikkje tørkar ut og vinen blir oksidert. Vinar med skrukork kan lagrast både ståande og liggjande. Tidlegare antok ein at innsida av korken kunne skade om han var i kontakt med vinen. Det er ikkje tilfelle.

Skrukork vs naturkork

Kva skjer når ein lagrar vin?

Vinar som kan lagrast, vil utvikle andre smakar og aromaer enn det dei har som unge. Ferske og fruktige aromaer vil kunne utviklast til aromaer av til dømes tørka frukt, sopp og skogbotn. Vinar som «gjev» lite og er «lukka», vil kunne utvikle meir opne og sjenerøse aromaer. Tanninrike vinar får ofte ein mjukare struktur.

Når skal vinen drikkast?

Tidspunktet for å opne lagra vin er avhengig av typen vin du har, og kor godt utvikla du liker at vinen er. Det kan ta frå tre til fem år, eller langt over 10 år for dei mest lagringsdyktige. Uansett er det spennande å lagre vin for å sjå og smake korleis han utviklar seg med åra.

Lagringsdyktige vintypar

Nokre vinar er betre eigna til å lagrast enn andre. Dei har alle til felles at dei er konsentrerte og friske. «Lukka» vinar vil kunne trenge lagring for å få vist aromaene sine.

Rimelegare alternativ

  • Vinar frå Sørvest-Frankrike, Jura og Portugal
  • Vinar på druene Riesling og Chenin Blanc

Dyrare alternativ

Vinar frå Bordeaux, Burgund, Nord-Rhône, Barolo, Barbaresco, Taurasi i Campania, Vintage portvin, Chablis, Riesling trockenbeerenauslese, Sentralburgund, Champagne, Sauternes eller Tokaji.

Lagringspiktogramma

Lagringspiktogramma du finn i nettbutikken, er Vinmonopolet sin rettleiande anbefaling for når vi meiner vinen bør konsumerast.

  • Ståande flaske: Vinen er drikkeklar no og blir ikkje betre ved lagring.
  • Skråstilt flaske: Vinen er drikkeklar no, men kan òg lagrast.
  • Liggjande flaske: Vinen bør lagrast. Kan vere god å drikke no, men vil utvikle seg positivt ved lagring. Vin med liggjande flaskesymbol kan gjerne lagrast over ti år, medan somme vil føretrekkje vinaene etter tre til fem år.

Podkast 80. Lagring av vin - temperatur, lys og liggeretning

Stemmer det at vin må lagres mørkt, kjølig og liggende?

Podkast 126. Lytterspørsmål - rimelig vin som kan lagres i fem til ti år

Her får du råd og tips om rimelig vin som kan lagres. Vi gir deg noen navn på druetyper og områder.

Podkast 105. Lytterspørsmål: Barley wine og lagring av øl

Barley wine - eller byggvin, som vi liker å kalle det - er maltrike øl som også kan være lagret på fat.