Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Nyheiter på Polet 2. mars

Nyhetslansering-mars-2018-Alsace,-artikkelbilde-v2.jpg

Fredag 2. mars lanserte vi 68 nye produkt i butikk og i nettbutikken. I tillegg kom det omlag 800 nye produkt i bestillingsutvalet. Her kan du lese om nokre av nyheitene og sjå lister med alle dei nye produkta.

Tekst:
Vinmonopolet

foto

Foto:
gettyimages.no

Du finn alle dei nye produkta i nettbutikken, under fana "Nyheter"

Her finn du liste med alle dei nye produkta vi lanserte 2. mars (Microsoft Excel Online). Det er ei liste for nyheiter i basis-, parti- og testuvala og ei for nyheiter i bestillingsutvalet.  

 

Om nokre av nyheitene vi lanserer – av varefagleg rådgiver Anders Roås Stueland 

 

Alsace – vin i grenseland 

Aust i Frankrike ligg Alsace – eit vinområde som lagar mykje forskjellig vin. Mest kjente er kvitvinane baserte på druene Sylvaner og Riesling. For ein generasjon sidan var riesling frå Alsace dyrare enn vinane frå den tyske sida av grensa. Slik er det ikkje lenger. Alsace riesling frå dei beste vinmarkene blir merkt som grand cru. Ofte er dei rimelegare enn tilsvarande vinar frå Tyskland. Liker du tysk riesling, kan det vere verdt å prøve ein frå Alsace neste gong. Vi lanserer både bio dynamisk grand cru riesling og spontanfermentert sylvaner frå gamle vinplanter. 

 

Mat og drikke - lam, nam! 

Norske lam lever livet saman med søskenflokken og friskt gras under klovane. Derfor smaker norsk lam godt i munnen og samvitet mitt. Grill, steik eller kok lammekjøttet med indisk, libanesisk, fransk, norsk eller italiensk vri. Du har så mange moglegheiter, og slik er det med drikke til lam òg. 

Dei fleste tenkjer nok at det er raudvin som er det einaste saliggjerande, men kvitvin kan òg gå veldig bra. Raude og kvite vinar som har litt fatpreg og utvikling, er sikre stikk.  

Mellom nyheitene våre er dei raude vinane frå Madrid i Spania gode alternativ til lam. Desse vinane kjem frå vinmarker som ligg mellom seks hundre og tusen meter over havet. Det gir friske og nyanserte vinar. 

 

New Zealand - fruktig kvit frå Wairarapa 

Heilt sør på Nordøya i New Zealand ligg området Wairarapa med underområdet Gladstone. Her starta vin produksjonen først på 1970-talet, men har teke av sidan den gongen. Vinmarkene ligg på gamle elveleie av grus som drenerer vatnet godt. Klimaet er perfekt for druetypen Sauvignon Blanc, som du sikkert kjenner frå Sancerre. Sauvignon Blanc frå New Zealand har ei markant fruktigheit som minner om solbærblad, pasjonsfrukt og lime. Produsentane som vel å spontan gjære druene, får ei meir nyansert fruktigheit som ikkje er like rett i fleisen. 

 

New Zealand - utfordrar frå Wairarapa  

Kiwiane er fruktmeistrar. Eg snakkar altså om vinmakarar frå New Zealand. Når dei får halde på med druetypar som Pinot Noir, klarer dei å leggje på eit ekstra lag med tydeleg bringebærfruktigheit. Kanskje er det klimaet eller avstanden til europeisk tungsinn som gjer det, ikkje veit eg. Uansett er pinot noir frå New Zealand, og spesielt frå Wairarapa, reale utfordrarar til dei langt dyrare raude burgunderane.

 

Brennvin – genever 

Nasjonalbrennevinet i Nederland og Belgia er smaksett med einebær og andre urter. Det nederlandske ordet for einebær, jeneverbes, er opphavet til namnet genever og ikkje byen Geneve. 

Du kan velje mellom jonge som minner om gin, og oude som er eit meir komplekst brennevin. Oude betyr ikkje at brennevinet er gammalt, men mange produsentar lèt oude genever liggje nokre år på fat. God oude genever kan minne om ei kryssing mellom whisky og gin. Du kan blande han ut, men oude genever fortener å bli drukken ublanda òg. 

Alle nyheiter er merkte i butikkane våre.