Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Tilbake

Mars-nyheiter

Totalt vert det lansert om lag 1500 nyheiter i basis- og bestillingsutvalet fredag 5. mars.
colares-sintra-atlanterhavsvin-av.jpg
Foto: Getty images

Vi startar våren med å lansere vinar frå kjøleg klima - mellom anna frå Canada.  Andre tema i sleppet er Bordeaux, mikroskopiske vinområdar omkring Lisboa og den franske drua Pinot Gris, samt tysk silvaner og riesling.

Blant nyheitene kan ein òg finne single malt whisky frå USA og mykje anna. 
 

Liste over produkta

Nyheitene vert lansert fredag 5. mars. Her finn du liste over produkta. 

Køordning på nett

Vi vil nytta ei køordning i nettbutikken. Målet er å sikre stabil drift og kjapp respons òg når det er veldig stor pågang.
 
Slik fungerer det:
  • Klokka 07:00 på fredag stenger vi nettbutikken og lagar eit «venterom» fram til klokka 08:00. Alle som besøker Vinmonopolet.no i denne perioden vert tildelt eit tilfeldig kønummer når nettstaden opnar klokka 08:00 med alle nyheiter lansert.
  • Frå klokka 08:00 slepp vi inn kundar i puljer på bakgrunn av kønummeret dei har fått tildelt. Eit kønummer er aktivt i 15 minutt. Det vil seie at du har 15 minutt til å nytte din plass i køen.
  • Vi gjer merksam på at varer ikkje vert reservert før kjøp er gjennomført, og vi tek atterhald om at varer raskt kan bli utselde.
  • Køordninga gjeld både i app og på www.vinmonopolet.no. Bakgrunnen for endringa er gjentekne driftsproblem ved stor pågang, spesielt i samband med nyheitslanseringar.
  • Vinmonopolets butikkar tar ikkje imot bestillingar før kl. 12.00, men nyheiter som er på lager kan kjøpast i den aktuelle butikken frå den opnar på lanseringsdagen.
druer.jpg

Nyfiken på drue?

Druetype er ein av fleire variablar som påvirka vinen. Vårt drueleksikon tek føre seg 200 av verdas vindruer.