Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Champagne vinmarker.jpg
Foto: Getty Images

Mai 2019

Champagne utan bobler og ferdigblanda drinkar utan alkohol er nokre av nyheitene vi lanserte 3. mai.


Her finn du liste med alle dei nye produkta

Det er ei liste for nyheitene i basis-, parti- og testutvala (BPT), og ei for nyheitene i bestillingsutvalet (BU).

Alle nyheiter er merkte i butikkane våre.

Du finn óg alle dei nye produkta i nettbutikken. Vel "Vis kun nyheter"  nedst i ventsre kolonne når du er inne på produktsida. Her kan du lese meir om lanseringa av nyheiter i nettbutikken. 

 

LITT OM NOKRE AV DEI NYE PRODUKTA.

Alternativ til champagne
Flagg skal viftast, kaldtbord skal dekkjast, og talar skal haldast. Feiringane og markeringane på forsommaren er fulle av tradisjonar, og musserande vin kan vere ein del av dei. Då er det lett å gripe etter ein champagne eller ein prosecco. Men vent! Vinverda har meir å by på.
 
Både Sør-Afrika og Italia lagar vinar som både minner om og kan konkurrere med den franske champagnen. I Sør-Afrika blir slik vin merkt med Methode cap classique (MCC), og i Italia er det Franciacorta og Alta Langa som har slike vinar. 
 
Felles for desse vinane er at dei er baserte på dei same druetypane som blir brukte i Champagne, og vinane gjærar ein ny runde på flaske før dei godgjer seg på botnfallet i mange månader.
Dei får innslag av noko kjeks- og nøtteaktig, men med litt meir moden frukt og mindre syrlegheit enn champagne. Dette spennet i aromaer gjer at dei passar til mykje forskjellig mat.
 
Eit sprudlande og alkoholfritt tips: Bland ein god eplemost med mineralvatn. Det smaker mykje betre til maten enn det meste av brus.
 

Brennevin

Gin frå Norge og Japan
Einebær skal det vere i all gin. Det seier ginlova. Men gin smakar av så mykje meir. Når destillatøren set saman ein gin, har ho ein botanisk palett med alt frå agurk til baobab. På eit blankt lerret av nøytralt brennevin blir lag på lag med aroma lagde. Nokre typar gin blir krydra og kraftige, andre blir lette og delikate. Mange land lagar gin, og ein ny trend er å bruke meir av dei lokale vekstane. I Japan har dei teblad og yuzu, mens norsk gin kan innehalde alt frå granbar til fingertare.
 

Vin til jordbær

Søte og smakfulle
Dei norske jordbæra er rett rundt hjørnet. Det blir digg! Champagne er eit tradisjonelt val til jordbær, men her må eg vere ærleg. Det finst betre alternativ. Til slike søte og smakfulle jordbær vi er velsigna med, er det lurt med vin som er både fruktig og litt søt. Du kan prøve ein perlande eller musserande vin basert på muskatell-drua. Ei anna moglegheit er den raude musserande vinen Brachetto d'Acqui. Dette er ein italiensk spesialitet frå Piemonte. Vinen har lite alkohol, men ei markant fruktigheit som minner om modne raude bær. 
 

Sider

Humlesider
Eplesider er ein drikk som har lange tradisjonar i både England, Frankrike, Spania og Noreg. Men det hindrar ikkje siderprodusentane i å finne på nye ting. Eit eksempel er eplesider tilsett humle. Kanskje er det nysgjerrigheita og entusiasmen hos elleville ølbryggjarar som har smitta over? Humleblomen gir litt bitterheit og ekstra aroma som minner om sitrus og urter. Eplesider passar godt til grilla kylling eller laks, og til spekemat òg. 
 

Øl

Pils og kellerbier
Frå duvande åkrar blir solmodent bygg hausta – det som er råvara i nesten alt øl. Vil du kjenne den klare og reine smaken av bygg? Då er tradisjonelle øltypar, som pils og kellerbier, ein stad å begynne. Dette er to ølstilar som har blitt oversett i jaget etter nyskapande øl. Dei har moderat med alkohol og passar til det meste av mat utan å dominere.