Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Nyheiter på Polet 4. mai

nyhetslansering-mai-2018-alto-aldige-artikkelbilde-GettyImages-175485329.jpg

Fredag 4. mai lanserer vi 98 nye produkt. Les om nokre av dei, og sjå lister med alle dei nye produkta her. Vi vil bruke ei køordning i samband med nyheitslanseringa på fredag. Det kan du òg lese om her.

Tekst:
Anders Roås Stueland

foto

Foto:
Getty Images

Du finn alle dei nye produkta i nettbutikken.

Her finn du liste med alle dei nye produkta vi lanserte 4. mai (Microsoft Excel Online). Det er ei liste for nyheiter i basis-, parti- og testuvala og ei for nyheiter i bestillingsutvalet.  

 

Litt om nokre av dei nye produkta - av varefagleg rådgiver Anders Roås Stueland 

 

Vin og mat: lett sommarvin 

I år skal eg ete endå meir sommarmat. Alle reker, blåskjel, makrell, asparges og nykål bør gøyme seg – for her kjem eg! Kveldane blir lysare  og maten lettare. Sommaren er årstida for lys og lett drikke òg.

Derfor lanserer vi tysk kvitvin og rosévin som passar til sommarmaten. Dei kvite er baserte på den spretne grøne drua Riesling og dei rosa på den delikate Pinot Noir. Alle saman er friske, livlege og har fersk fruktigheit med klang av sommar.

Og ikkje nok med det. Desse vinane er tappa på geniale plastflasker og lette glasflasker. Flaskene gjer ingenting med kvaliteten på vinen, det treng du ikkje å uroe deg for. Men vel du lettare flasker, sparer du miljøet. Det er det jammen verdt å tenkje på.

 

Tequila og mezcal: ¡Ay, caramba! 

Før hadde eg fordommar mot meksikanske brennevin baserte på agaveplanta. Men det viste seg at tequila kan ha nyansar som ingen andre brennevin har. Lukk auga og tenk på nyskoren agurk, lime, kamfer, svart pepar og vanilje. Slik skal tequila vere. Mezcal er òg basert på agave og smaker noko av det same, men har i tillegg eit spennande røykpreg som stammar frå måten agaven er kokt på.

 

Musserande: Tasmania og New Zealand 

Kva skal du skåle med ved neste store anledning? Kanskje det blir ein musserande vin frå England, Tasmania eller New Zealand? Champagne har vore eit førebilete for produsentane i desse områda. No kan mange av dei reknast som minst like bra. Som i Champagne er det druetypane Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier som blir brukte. Vinane blir gjæra for andre gong på flaske og får liggje med botnfallet i lang tid slik at dei får eit fint kjeksaktig preg.

 

Prosecco på gamlemåten: col fondo

Prosecco på gamlemåten Col fondo gir ein heilt annan type vin enn vanleg, moderne prosecco. Han er lågmælt og speler på fleire strenger. Fruktigheita er dempa og minner om modent eple og sitronskal. I tillegg kan du finne nøtter, tørka urter og sopp.

Col fondo betyr noko sånt som «på botnen» og er gjæra på flaska. Somme har botnfall som gjer vinen skya. Du kan velje om du vil drikke han sporco eller limpido – med botnfallet eller utan.

 

Alto Adige: vin frå Alpane 

Heilt nord i Italia ligg Alto Adige. I frisk alpeluft frå snøkledde fjell står vinplantene nesten 1 000 meter over havet. Som late påsketuristar slikkar plantene sol i skråningar og terrassar. Slik blir druene modne. Blauburgunder og Pinot Bianco kjenner du kanskje som Pinot Noir og Pinot Blanc. Men har du høyrt om Schiava og Kerner? Schiava blir brukt i vintypen St. Magdalener og gir raude og leskande vinar med kirsebæraktig frukt. Kerner blir til friske og delikate kvitvinar som minner om riesling.

 

Meir info om nyheitene

Du finn informasjon om nyheitene på vinmonopolet.no under «Nyheter» frå kl 08:00 fredag 4. mai. I tillegg vil alle nyheiter bli merkte i butikkane våre.