Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Januar 2019

colares_januar2019.jpg

Fredag 11. januar vart det lansert ei rekke nyheiter både i basis- og bestillingsutvalet. All informasjon om nyheitslanseringa finn du her.

Tekst:
Trond Erling Pettersen

foto

Foto:
Getty Images

Du finn alle dei nye produkta i nettbutikken frå fredag 11. januar.

Her finn du liste med alle dei nye produkta vi lanserer i januar. Det er ei liste for nyheiter i basis-, parti- og testutvala, og ei for nyheiter i bestillingsutvalet.

 


 

Bestilling av nyheiter

For å sikre lik tilgang til attraktive varer, opnar vi for at kundar sjølve kan bestille via nettbutikk og kundesenter frå kl. 08.00 på lanseringsdagen. Vinmonopolets butikkar tar ikkje imot bestillingar før kl. 12.00, men nyheiter som er på lager kan kjøpast i den aktuelle butikken frå den opnar på lanseringsdagen.

 


 

Køordning

I samband med nyheitslanseringa fredag 11. januar vil vi bruke ei køordning i nettbutikken her på www.vinmonopolet.no. Målet er å sikre stabil drift og kjapp respons også når det er veldig stor pågang.

Slik fungerer det:

Klokka 07:00 på fredag stenger vi nettbutikken og lagar eit «venterom» fram til klokka 08.00. Alle som besøker Vinmonopolet.no i denne perioden vert tildelt eit tilfeldig kønummer når nettstaden opnar klokka 08:00 med alle nyheiter lansert.

Frå klokka åtte slepp vi inn kundar i pulje utifrå kønummeret dei har fått tildelt. Eit kønummer er aktivt i 15 minutt. Det vil seie at du har 15 minutt til å nytte din plass i køen.

Vi gjer merksam på at varer ikkje vert reservert før kjøp er gjennomført, og vi tek atterhald om at varer raskt kan bli utselde.

Køordninga gjeld både i app og på www.vinmonopolet.no. Bakgrunnen for endringa er gjentekne driftsproblem ved stor pågang, spesielt i samband med nyheitslanseringar.

Vi treng hjelp til å gjere løysninga endå betre, og vi set stor pris på alle innspel til forbetringar!

 


 

Litt om dei nye produkta, av varefagleg rådgjevar Anders Roås Stueland:

Ut mot havet
Fagtemaet denne gongen er vin frå vinmarker som vert påverka av Atlanterhavet.

Sjølv om området sjølvsagt er mykje større, kjem vinane som vert lansert 11. januar frå utvalde område vest i Europa: Muscadet, Bordeaux, Ribeira Sacra, Ribeiro, Vinho Verde og Colares.

Les meir om «Vinos Atlanticos» og dei ulike områda i Vinbladet.

 

Smaken av godt samvit
Vinen i glaset ditt er ein liten del av verda. Kanskje har han reist heilt frå Argentina eller Sør-Afrika. Og no er han i munnen din. Du slurpar og vurderer smaken av druene og jordsmonnet der plantene har vakse. Smaken av solvarm frukt tyder på at det var fint vêr denne årgangen.

Men du klarer ikkje å smake korleis arbeidaren i vinmarka har hatt det. Var han trygg, og blei han teken godt vare på? Blei han skikkeleg betalt og behandla med respekt? Du håper kanskje at det er tilfellet, men klarer ikkje å smake det.

Då skal du vite at vi i Vinmonopolet jobbar aktivt for at alle i vinindustrien skal ha det bra. Vi er jamleg til stades i utsette land og følgjer opp produsentar og fagforeiningar der dette er nødvendig.

Det finst merkjeordningar som garanterer at menneska bak vinen har det bra. I butikkane er desse produkta merkte «Sertifisert etisk» og det kjem fleire sertifiserte nyheiter no i januar. Du kan òg spørje oss om råd. Vi ønskjer nemleg å hjelpe deg til å ta berekraftige val når du handlar hos oss.



Matchmaking i Argentina
Dei fleste vinane frå Argentina er baserte på éin druetype.

– Men kan vi ikkje leike litt med druene og setje dei saman i par, tenkte nokre produsentar.

Møt det sjarmerande raudvinsparet Malbec og Merlot. Begge har mørke, søte bær og raus fylde. Merlot har litt mjuk munnkjensle, mens Malbec har noko djupare og strengare over seg.

Eller kva med det umake kvitvinsparet Torrontés og Chardonnay? Torrontés er lattermild og sprudlande. Med roser, tropisk frukt og kanel er det vanskeleg å ikkje bli sjarmert. Chardonnay er ein litt inneslutta type. Han har hint av eple og lime, men du må heilt innpå han for å få auge på djupna og kompleksiteten.



Austerriksk spesialitet
Sjå for deg at du rører saman blåbær og bringebær. Så tilset du litt lakris, urter og eit lett dryss av fiol. Då har du smaken av signaturdrua i Austerrike, Blaufränkisch!

I Austerrike er Blaufränkisch den nest mest planta blå drua, og mesteparten finn du i Burgenland. Området ligg aust i Austerrike, der varm vind frå den pannoniske sletta strøymer inn. Dei to underområda Leithaberg DAC og Eisenberg DAC er kjente for å gi spesielt god vin.

Dette er vinar som kan lagrast nokre år, og dei passar fint til vilt og lam.



Hav og druer i Sør-Afrika

Som vinland er Sør-Afrika meir variert enn du kanskje trur. Frå før kjenner du sikkert til druene Pinotage og Shiraz. Men no er det spesielt to trendar som teiknar seg:

Den eine er bruken av vinmarker nærmare det av kjølande havet. Den andre er satsinga på druetypar som Chenin blanc, Cinsault og Grenache – druer som har vore i landet lenge, men blitt neglisjerte.

Resultatet er vinar som både er friske og nyanserte.



Øl med smak frå ein liten grøn dings

Kva er den lukta? Det oser av ananas, pasjonsfrukt, basilikum, sitronskal og furunål. Det er lukta av øl – det heitaste og mest saftigleskande ølet.

Det er IPA! Det er lukta av en liten grøn dings på ei plante. Dei nye humlesortane frå New Zealand og USA har gitt oss nye smakar frå eit anna univers.

Ølverda endrar seg i rakettfart. Er øl flytande science fiction?