Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

September 2018

Okanagan-Lake-Kanada,-kaldklima-septemberlansering-2018-banner-u-forlopning-GettyImages-638488024.jpg

Fredag 7. september lanseres en rekke nyheter i både basis- og bestillingsutvalget. Det blir køordning i nettbutikken ved lansering. All informasjon om lanseringen finner du her.

Tekst:
Anders Roås Stueland

foto

Foto:
Getty Images

Du finn alle dei nye produkta i nettbutikken frå fredag 7. september.

Her finn du liste med alle dei nye produkta vi lanserer 7. september. Det er ei liste for nyheiter i basis-, parti- og testutvala og ei for nyheiter i bestillingsutvalet.

Det kan skje endringar i utval og tilgjengelegheit kort tid før nyhetslanseringa. Slike endringar finn du eventuelt på denne sida.

Køordning

I samband med nyheitslanseringa fredag 7.september vil vi bruke ei køordning i nettbutikken her på www.vinmonopolet.no. Målet er å sikre stabil drift og kjapp respons også når det er veldig stor pågang.

Slik fungerer det:

Klokka 07:00 på fredag stenger vi nettbutikken og lagar eit «venterom». Alle som har ein aktiv sesjon vert tildelt eit tilfeldig kønummer når nettstaden vert opna klokka 08:00 med alle nyheiter lansert.

Frå klokka åtte slepp vi inn kundar i pulje utifrå kønummeret dei har fått tildelt. Eit kønummer er aktivt i 15 minutt. Det vil seie at du har 15 minutt til å nytte din plass i køen.

Køordninga gjeld både i app og på www.vinmonopolet.no. Bakgrunnen for endringa er gjentekne driftsproblem ved stor pågang, spesielt i samband med nyheitslanseringar. Vi treng hjelp til å gjere løysninga endå betre, og vi set stor pris på alle innspel til forbetringar!

Litt om nokre av dei nye produkta, av varefagleg rådgjevar Anders Roås Stueland

Syrah til vilt

Blant nyheitene no i september finn du fleire vinar baserte på drua Syrah.
Desse passar fint til mat av vilt.

Syrah frå Hawke's Bay
Hawke’s Bay ligg aust på Nordøya på New Zealand. Havet like ved kjøler ned det ganske varme området. Det gjer at druene kan modnast lenge utan å miste syre. Det gir vinar med flott og nyansert frukt, god munnkjensle og livlegheit. Gimblet Gravels blir rekna for å vere eit av dei beste områda. Der veks vinplantene på gammal elvegrus. Hawke’s Bay har mesteparten av all Syrah som er planta på New Zealand, og vinane blir samanlikna med dei frå Saint-Joseph i den franske Rhônedalen.

Syrah frå Cornas
Vinmarkene i Cornas er så bratte at bøndene kan rulle heim til landsbyen i botnen av bakken. Her lagar dei mektige og tette raudvinar som likevel har friskleik og ynde i behald. Syrah er den einaste drua som kan brukast. Vil du bli kjent med den djupe og mystiske frukta i drua, er Cornas staden å starte. Unge vinar har fruktigheit som minner om nyrørte, modne bjørnebær, svart oliven, rosmarin og lakris. Har du tolmod, utviklar dei seg til noko som minner om tjøre, tobakk, tørka urter og modne mørke bær.

Sider

Grøne og frodige Normandie ligg nordvest i Frankrike. Dette er eit eplerike. Og då snakkar eg ikkje om fine og pyntelege mateple, men bitre og sure sidereple. Franskmenn har nær 250 ulike sortar å velje mellom. Mange av dei er uetande. Men blir dei forvandla til eplesider, smaker dei solmodne eple, te og nøtter og med hint av bitterheit som strammar opp. Eplesider passar til mykje forskjellig mat. Fisk, kylling, ost, blåskjel og pannekaker. Eller kva med fårikål?

Calvados

Calvados frå Normandie er stort sett basert på eple, men òg pærer. Det startar med ein sider som så blir destillert til brennevin, som igjen blir modna på fat i minst to år. Står det Pays d’Auge på etiketten, betyr det at calvadosen kjem frå eit mindre område og har gått gjennom ein meir arbeidskrevjande og tradisjonell prosess. Vil du ha ein livleg og mest mogleg epleprega calvados, ser du etter ordet fine på etiketten. Dei djupe og komplekse aromaene frå lengre lagring får du i calvados merkt med vielles réserve eller Hors d’Age.

GG Riesling

Dei beste vinmarkene – sjølve indrefiletane i Tyskland – blir klassifiserte som grosse lage. Dei tørre vinane blir merkte som grosses gewächs eller berre GG. Dette er hovudkjelda til nokre av dei mest ettertrakta rieslingvinane i verda. Dei blir lanserte 1. september året etter innhausting.

Beaujolais

Beaujolais er vinen som blei vaksen. Før hadde desse vinane eit frynsete rykte som saftaktige og enkle vinar. Men no lagar dei vinane på ein annan måte som gir meir djupn, konsentrasjon og struktur frå tannin. Om eg skal driste meg til å beskrive smaken av god beaujolais, så tenkjer eg på kirsebær og krekling med hint av urter, pepar og litt blomar. Vinane frå dei beste vinmarkene blir ofte lagra ei stund på fat, men er sjeldan spesielt fatprega. Beaujolais har inga klassifisering med premier- og grand cru-vinmarker. Men nokre landsbyar har status som spesielt bra. Namnet på landsbyen står då på etiketten. To eksempel er Chenas og Morgon, som òg rommar enkeltvinmarkene Blemonts og Py.