Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Mars 2019

coterotie – Kopi2_artikkel.jpg

Fredag 1. mars vart det lansert ei rekke nyheiter både i basis- og bestillingsutvalet. All informasjon om nyheitslanseringa finn du her.

Her finn du liste med alle dei nye produkta vi lanserer 1. mars.

Det er ei liste for nyheiter i basis-, parti- og testutvala og ei for nyheiter i bestillingsutvalet.

Frå og med denne nyheitslanseringa vil ikkje kundesenteret ta imot bestillingar mellom kl. 08.00 og 10.00.

Som tidlegare kjem vi til å ha køordning på lanseringsdagen. Meir informasjon om det praktiske finn du her:

Ny rutine ved nyheitslansering

 

 

Litt om dei nye produkta, av varefagleg rådgjevar Trond Erling Pettersen:

 

Syrahhhhh

La meg ta deg med til ein spektakulær stad. Nord i Rhônedalen i Frankrike herskar raudvinsdrua Syrah. Ved byen Tain på austbreidda ligg den berømte åsen Hermitage, og rundt ligg området Crozes-Hermitage. Her blir vinen full av mørk, livleg frukt, og i dei beste vinmarkene får han fine nyansar av blomar og urter.

På vestbreidda ligg området Saint-Joseph som eit smalt slips. Her gir bratte åsar og skrint jordsmonn endå meir kompleks vin: pepar, rypeblod, krekling og svale urter. Lengst nord, i Côte-Rôtie (den steikte åssida), finn vi ekstrem-Syrah frå stupbratte vinmarker med terrassar. Ville skogsbær, hengt kjøtt, røyk, urter og blomar i ein kombinasjon av kraft og eleganse. Vi drikk ofte Rhônevinar til vilt, men prøv dei gjerne til påskelammet òg.

Boblande austerrikarar

Musserande og perlande vin er i vinden som aldri før. Polkundane er nysgjerrige og prøver gjerne bobler frå andre land enn stormaktene Frankrike, Italia og Spania.

Sekt er det tyske namnet på musserande vin, og i Austerrike blir det laga flotte boblevinar med same metoden som i Champagne. Nokre produsentar bruker klassiske druer som Pinot Noir og Chardonnay, men mest karakteristisk er musserande av nasjonaldrua Grüner Veltliner. Dei tørre, friske vinane luktar og smaker av grøne eple, moden sitrus og eit hint av kvit pepar.

Rosévin på bordet

Jo då, det er noko eige med eit glas rosé på terrassen når sola begynner å varme. Men vi må ikkje gløyme at rosa vin kan brukast til mat òg. Eit gammalt visdomsord er at rosévin passar til rosa mat (laks, aure og reker), men undersøkingane våre tyder på at det finst fleire moglegheiter.

Her er nokre av rettene vi synest passar godt til rosévin:

• rakfisk

• ratatouille

• pølser med aioli

• salade niçoise

• tunfisk med ponzusaus og sesamfrø

Eit stalltips til slutt: Vel ein rosévin som er litt ekstra fruktig og konsentrert når du skal ha han til mat. Pinot Noir er eit godt val.

Alkoholfri sprit

Nei, du har ikkje blitt gløymsk. Det finst faktisk «brennevin» utan alkohol. Korleis er det mogleg? Jo, ein imiterer måten ein lagar for eksempel gin og akevitt på. Urter, planter, sitrusskal og krydder får trekkje i eit væskebad og blir destillert. Når ein så destillerer blandinga og fangar aroma- og smaksemna, sit ein igjen med ein drikk som minner om eit aromatisk brennevin. Tilset for eksempel tonic, isbitar og ei skive sitrus, så har du ein drink med god smak, utan alkohol.

Er du meir glad i øl? No kjem det endeleg alkoholfritt surøl på Polet!

Heilt rått øl

Hugsar du at vi har skrive om kveik tidlegare? Kveik er norsk urgjær som har gått i arv på gardane i Bygde-Noreg. Mikrobryggjarar har lagt sin elsk på den spesielle gjæren, og no kjem det fleire øl med kveik i hyllene våre. Både belgiskinspirert saison, norsk tradisjonsbrygg og surøl kan lagast med kveik.

Det mest uvanlege er kanskje råøl: øl der vørteren ikkje blir kokt før gjæringa skal setjast i gang. Råøl får meir fylde og ein særeigen, syrleg smak.