Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Grunnreglar for å kombinere øl og mat

Øl&Mat-1400x520.jpg

Det er enkelt å setje øl til mat. Her finn du våre åtte beste råd.

Tekst:
Vinmonopolet

foto

Foto:
Miss Boo

1. Øl og mat bør ha balanserte aromaer

Lett og «lys» mat som sjømat og kylling passar best til øl med lyse malttonar, til dømes lyst lagerøl, wit eller blonde. «Mørkare» kjøttretter og gryter kler øl på mørkare malttypar som bokkøl eller porter.

2. Maten bør ikkje overdøyve ølet eller omvendt

Eit kraftig og alkoholsterkt øl, til dømes mørkt trappistøl, overkøyrer ein mager kyllingrett. Eit lettare øl som wit eller pils passar derimot betre. Drikk heller trappistølet til ei smaksrik viltgryte.

3. Salt mat treng eit friskt, fruktig øl

Saltprega mat gjer ølet slappare og mindre fruktig. Friskleik og tydeleg fruktigheit motverkar verknaden frå saltet. Bruk wit og anna kveiteøl til lette retter og kraftigare øl, til dømes surøl, til tyngre retter som pinnekjøtt.

 

4. Syrefrisk mat krev eit friskt og øl

Syre i mat frå til dømes syrlege sausar dempar det friske, derfor bør syrefrisk mat ha følgje av friskt øl som saison, blonde eller geuze.

 

5. Mat med søtleik treng øl med søtleg fruktigheit eller karamellisert malt

Søtleik frå kokte rotgrønsaker, viltkjøtt eller and bør kombinerast med søtleg fruktigheit i ølet eller smak av karamellisert malt i tillegg til nok friskleik og bitterheit så kombinasjonen ikkje blir slapp. Blonde og mørkt trappistøl vil passe.

 

6. Feit mat treng friskt øl

Røykjelaks, ribbe og fløytesaus er feit mat. Saison og geuze er friske øl som vil verke reinsande og skape liv i kombinasjonen.

 

7. Sterk mat treng eit konsentrert øl med søtleg fruktigheit og moderat bitterheit

Chili og pepar dempar det fruktige i ølet så det verkar bitrare. Søtleg fruktigheit motverkar det. Prøv wit eller blonde til thaimat og juleøl eller brune til indiske kjøttretter. Ekstremt sterk mat kan dempe opplevinga av bitterheit.

8. Vel bittert øl om du likar bitterheit

Bitterheita i øl endrar seg lite i møte med maten. Eit unntak er ekstremt sterk mat. Bitre øl, som IPA, passar til mange matretter om du sjølv liker tydeleg bitterheit.