Vi ønsker deg velkommen igjen.
Aroma, grunnsmak, bittersmak, friskleik, kompleksitet og mykje meir forklart!
Smaken eller lukta av noko, men som du ikkje kan kjenne med munnen eller tunga.
Det du kjenner med tunga di. Søtt, surt, salt, bittert og umami. Du kan ikkje lukte ein grunnsmak.
Kor bittert ein opplever ølet. Bittersmak er ein grunnsmak, kjennest med tunga og kan ikkje luktast.
Populært ord om kor stort eller rikt ein opplever ølet. Heng gjerne saman med mengd alkohol i ølet. Vatn har lite fylde.
Kor søtt ein opplever ølet. Søtleik er ein grunnsmak, og du kjenner han med tunga, og han kan ikkje luktast.
Kor surt ein opplever ølet. Surt er ein grunnsmak, kjennest med tunga og kan ikkje luktast.
Kor lenge du kan smake aroma frå ølet etter at du har spytta eller svelgt.
Øl med høg konsentrasjon har lang ettersmak som ikke berre er bittersmak og søtleik. Vatn har ingen konsentrasjon, mens ublanda saft er konsentrert.
Kor mange ulike aromaer har ølet? Eit øl med mange aromaer som du kan skilje frå kvarandre, er komplekst.
Korn som så vidt har fått begynt å spire før det har blitt tørka. Øl treng malt fordi det er ei kjelde til viktige enzym og sukker. Døme på aroma frå malt: kokt korn, lyst brød, havrekjeks, honning, karamell, sjokolade, kaffi, lakris og røyk.
Blomen frå humleplanten gir bittersmak og aroma til øl. Dei fleste øl har humle. Døme på aroma frå humle: tørka gras, grøn te, blomar, kanel, nyslått gras, timian, basilikum, tomatstilk, furunål, solbærbusk, sitron, mango og pasjonsfrukt.
Gjærsopp er ein eincella organisme som må til for å bryggje øl. Han dannar om sukker til alkohol, karbondioksid og ulike aromastoff. Døme på aroma frå gjær: eple, pære, ananas, banan, røyk, nellik, smør, skinke og fjøs.
Vil du lære mer om å smake øl kan du laste ned brosjyren Bli ein ølsmakar, eller du kan få han gratis i butikkane våre.
Start ein ølklubb og smak øl saman
Bli ein ølsmakar!
Øl med stil på Polet
Ale – overgjæret øl, fruktig og komplekst
Barley malt/gerstemout/gerstenmaltz/malt d’orge – byggmalt
Blond – lyst øl
Bokkøl – sterkt lagerøl, ofte mørkt
Craft beer – amerikansk øl laget etter tradisjonelle håndverksmetoder
Dubbel – sterkt øl, ofte mørkt
Geuze – blanding av ung og lagret lambic (s.d.), annengangsgjæret i flaske
Yeast/gist/hefe/levure – gjær
Hell, Dunkel – lys, mørk
Hop/hopfen/houblon - humle
IBU – International Bittering Units – angir graden av bitterhet
IPA – India Pale Ale – fruktig og humlepreget overgjæret øl
Kristall, Hefe – hhv. filtrert og ufiltrert tysk hveteøl
Lager – undergjæret øl, mindre fruktig og aromatisk stil enn overgjæret
Lambic – spontangjæret øl fra Pajottenland ved Brussel, fruktig og syrlig
Oatmeal/tarwe/weiss/froment - hvete
Porter – mørkt, fruktig og tørt øl
Saison – fruktig, friskt sommerøl
Stout – mørkt, nesten svart overgjæret øl
Trappistøl – overgjæret øl fra seks belgiske trappistklosterbryggerier (Achel, Chimay, Orval, Rochefort, Westmalle, Westvleteren) og ett nederlandsk (Koningshoeven)
Tripel – sterkt øl, ofte lyst, som regel annengangsgjæret i flaske
Wild Ale – amerikansk spontangjæret øl
Witbier/Weissbier – øl brygget av hvete