Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Praktisk informasjon om nyheitslanseringa i nettbutikken

Device_app.jpg

Som ved tidlegare lanseringar vil vi bruke køordning på fredag.

Fredag 3. mai er det nyheitslansering i Vinmonopolets butikkar og nettbutikk. For å sikre lik tilgang til attraktive varer, så kan kundar sjølve bestille nyheiter via nettbutikk og app frå kl. 08.00 på lanseringsdagen. 
 
Kundesenteret vil ikkje handtere bestillingar før kl. 10.00 på dagen for nyheitslansering. Alle bestillingar mellom kl. 08.00 og kl. 10.00 må gjerast i nettbutikken. 
  
Vinmonopolets butikkar tar ikkje imot bestillingar før kl. 12.00, men nyheiter som er på lager kan kjøpast i den aktuelle butikken frå den opnar på lanseringsdagen.
 
 

Køordning

I samband med nyheitslanseringa vil vi bruke ei køordning i nettbutikken, både her på www.vinmonopolet.no og i app. Målet er å sikre stabil drift og kjapp respons også når det er stor pågang.
 
Slik fungerer det:
Klokka 07:00 fredag 3. mai stenger vi nettbutikken og lagar eit «venterom». Alle som er aktive på sida vert tildelt eit tilfeldig kønummer når nettstaden vert opna klokka 08:00 med alle nyheiter lansert. Det har ikkje noko å seie for kønummeret kva tidspunkt ein kjem inn på nettstaden mellom 07.00 og 08.00. 
 
Frå klokka åtte slepp vi inn kundar i puljevis utifrå kønummeret dei har fått tildelt. Eit kønummer er aktivt i 15 minutt. Det vil seie at du har 15 minutt til å nytte din plass i køen.
 
Vi gjer merksam på at varer ikkje vert reservert før kjøp er gjennomført, og vi tek atterhald om at varer raskt kan bli utselde.
 
Vi treng hjelp til å gjere løysninga endå betre, og vi set stor pris på alle innspel til forbetringar!