Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Ingredienser-i-øl---praktisk-om-øl---iStock_67869167.jpg
Foto: istockphoto.com

Praktisk om øl

Her får du tilrådd serveringstemperatur for nokre kjende øltypar, tips til val av gode glas og info om lagring av øl.


Glas

Gjer det enkelt og bruk eit vinglas med tulipanform. Forma på glaset fangar aromaene lettare enn eit glas med rette kantar, og stetten gjer at ølet held temperaturen betre. Feittrestar i glaset hindrar at det byggjer seg skum. Unngå derfor å bruke dei same glasa til mjølk eller å vaske dei i vatn med feittrestar.

 

Skjenking

Begynn å skjenkje med glaset på skrå. Rett glaset gradvis opp mot slutten så du får ein skumtopp på ølet. Mange kvalitetsøl er ettergjæra på flaske og har ofte botnfall. Det er ikkje farleg å få med i glaset, men det gjer ølet skya. Tradisjonelt blir kveiteøl servert med dette botnfallet, mens det for mange andre ølsortar er meir opp til deg sjølv kva du liker. Dersom du ikkje ønskjer å få med botnfallet, lèt du flaska stå oppreist i eit par timar før du opnar henne. Hell så forsiktig, og la den siste resten med botnfall vere igjen på flaska.

 

Lagring

Somme øltypar utviklar seg positivt på flaske, spesielt alkoholsterkt øl. Mørkt og maltprega øl med styrke på 10 prosent og oppover er kjent for gradvis å bli meir fruktig ved lagring. Mange ølkjennarar meiner at eit slikt vellagra og modent øl kan samanliknast med portvin. Øl med tydeleg preg av humle, som til dømes IPA, er ikkje eigna for lagring. Dei mister lett aromaene frå humla. Ønskjer du å lagre øl lenge, bør flaskene stå oppreiste på ein mørk og kjølig stad. Flasker med naturkork bør liggje. Pass på at ølet, uavhengig av lagringstid, ikkje blir utsett for direkte sollys eller høg varme.

 

Serveringstemperatur

Øl endrar karakter med temperatur. Generelt bør alkoholsvakt øl serverast kjøligare enn øl med meir alkohol. Serverer du eit komplekst kvalitetsøl iskaldt, dempar du aromaene – og det er jo synd. Nedanfor ser du tilrådd serveringstemperatur for nokre kjende øltypar:

  • 6–8 °C: pilsner, kveiteøl og wit
  • 8–10 °C: bayer, blonde, bitter, pale ale
  • 10–12 °C: geuze, tripel, brown ale, bokk, saison, India pale ale (IPA) og extra special bitter (ESB)
  • 12–14 °C: porter og stout
  • 14–16 °C: mørkt øl med styrke over 10 prosent