Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Sider

eplehosting-sider-iStock_85868919.jpg

Ekte sider har mykje til felles med handverksøl. Utgangspunktet er gode råvarer og få eller ingen tilsetjingar.

Tekst:
Vinmonopolet

foto

Foto:
istock.com

Røykt bacon og sveitt hest 

 

Handverkssider smaker ikkje som brus eller godis. Ekte sider smaker meir intenst av eple, og det at han er tørr, syrleg og litt bitter i ettersmaken, kan overraske og forvirre mange. Og verre blir det med smak av ost, sopp, skinke og diverse aromaer frå stall og fjøs. Dette er gode aromaer for dei som kan sin sider, det er her kompleksiteten ligg i nokre av dei beste handverksiderane. 

 

Fruktig engelsk eller rustikk fransk 

 

Britisk sider er generelt sett fruktig og har eit smaks- og aromabilete som er ganske ungt og ferskt. Britisk sider blir delt i to hovudtypar, dei frå sørvest-vest, og dei frå søraust-aust. I sørvest ligg kjende siderstader som Sommerset, Devon og Dorset. Sideren herifrå er laga på ekte sidereple, det vil seie eple som har meir syre og bitterheit enn eteeple og desserteple. 

Fransk sider blir hovudsakeleg laga i Bretagne og Normandie nordvest i landet. Dei har meir lagringspreg enn dei britiske, dei kan vere litt oksidative (preg av lagra eple) og vere noko meir søte. Men ver merksam på at dette kan variere med produsent og produkt, på tvers av nasjonalitet. 
 
 

AOC Hardanger 

 

Hardanger, Sogn og Lier er tre kraftsenter for epledyrking og siderproduksjon her i landet. Her bruker ein eplesortar som Gravenstein, Summerred og Aroma i tillegg til gamle eplesortar som Tormodeple og Franska, saman med sidereple frå Frankrike og England. Engelske munkar hadde med seg eple til Hardanger på 1300-talet. Framstilling av sider er dokumentert tilbake til slutten av 1700-talet. I dag er Hardangersider ei lovbeskytta nemning. Står det «Hardangersider» på flaska, skal epla komme frå utvalde stader i Hardanger, og sideren skal vere laga på staden. Sider frå Hardanger er gitt vern og anerkjenning, fordi det er dokumentert at sider frå Hardanger har særpreg og unikt omdømme.