Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Slik lages brennevin

Kort forklart.


Råvarar

Råvara til eit brennevin må alltid innehalde sukker, eller stivelse som kan dannast om til sukker. Til dømes har druer sukker, mens korn har stivelse. 

Sats

Sats kallar vi det når gjærsoppen har omdanna sukkeret frå råvara til alkohol, kolsyre og forskjellige smaksstoff. Om råvara er druer, er satsen ein uklar vin. Bruker ein korn, liknar det på eit øl. Mange av aromaene frå råvara er framleis i satsen, men i tillegg har gjæren bidrege med aroma. 

Destillering

Destillering er ein måte å skilje flytande stoff frå kvarandre på. Det finst forskjellige destillasjonsmetodar, men hovudprinsippet er det same. Ved å varme opp satsen begynner han å fordampe. Visse stoff i satsen fordampar lettare enn andre; til dømes fordampar alkohol og enkelte smaksstoff før vatn. Slik kan vi hente ut det beste frå satsen. Dette er destillering. Dei gode aromaene frå råvara og gjæringa er det vi ønskjer i eit brennevin, i tillegg til alkohol (etanol). Det vi ikkje vil ha med så mykje av, er vatn, metanol og stoff som gir ufin lukt og smak. 

Pot still

Pot still er eit destillasjonsapparat som gir eit godt utgangspunkt for råvareprega brennevin. Apparatet destillerer til ein alkoholprosent på rundt 70, og då følgjer fleire smaksstoff med. 

Kolonneapparat

Kolonneapparater eit effektivt og moderne destillasjonsapparat. Med det destillerer ein ofte nøytrale brennevin på over 90 prosent alkohol. Vel ein å destillere til rundt 70 prosent alkohol, vil det vere meir preg av råvara.