Bli ein ølsmakar! Ver nysgjerrig, og kjenn etter kva du smaker. Øl kan vere svart, raudt eller gyllent. Det kan vere bittert som gammal te, søtt som karamell eller surt som ein sitron. Somme øl smaker som «vanleg» øl, mens andre er grensesprengjande.