Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

drikketips-til-spareribs-med-tilbehor-GettyImages-172449639-artikkelbilde.jpg
Foto: gettyimages.no

Drikke til spareribs med tilbehøyr

Takk til Texas for denne syndige retten. Spareribs er saftig, søtt, feitt og smaksrikt og set krav til drikken. Leit etter drikke med god, moden fruktigheit og leskande kvalitetar. Her er våre drikketips til grillklassikaren.


Hugs at vinen og anna drikke smaker mindre ute. Lukta av grill, gras, blomar og solkrem konkurrerer med lukta av vinen. For spinkel drikke vil forsvinne bak maten. Derfor kan du spare dei raffinerte og nyanserte vinane til ein annan gong og heller velje dei med mykje trøkk. 


Kvitvin til spareribs

Kvitvin med fylde og solid, gjerne litt tropisk fruktigheit er godt saman med den smaksrike grillsausen. Litt søtleik i vinen vil verke mindre søtt og meir fruktig saman med det søte i maten. Prøv ein riesling med god fruktmodning for eksempel frå Pfalz, Alsace eller Australia. Ein amerikansk chardonnay med litt fatpreg er òg godt til. Ein slik vin forsterkar dei gode aromaene og fylden i retten.
 

Øl til spareribs

Amerikansk mat som dette passar godt med øl i amerikansk stil. Aromatisk og fruktig IPA eller APA, gjerne tilsett frukt, står støtt mot den smaksrike retten. Bitterheita blir litt dempa saman med feittet frå maten. Amber ale har gode aromaer og leskande kvalitetar som passar maten. Den litt meir sjeldne øltypen scotch ale kan vere spennande å prøve til. Røykpreget som finst i slikt øl, komplementerer grillsausen.

Alkoholfritt til spareribs

Med cola i sausen er cola eit openbert drikkeval. Det har tydeleg søtleik og vil forsterke det søte i retten. I Texas drikk dei ofte søt iste. Servert med mykje isbitar blir det ekstra leskande. Dei norske eplemostane er likevel vanskelege å oversjå. Her er både frukta, friskleiken og søtleiken på plass, og mosten vil vere ein sikker vinnar. I tillegg vil eit godt ingefærøl skli rett inn i aromaene frå kjøttet og sausen.

Raudvin til spareribs

Til dei varme innkokte aromaene frå sausen bør du velje ein raudvin med moden frukt. Her kjem vinar frå varmare klima til sin rett. Om det er ein del chilistyrke i grillsausen, bør du styre unna dei med mykje tannin sidan det vil verke tråare saman med chili. Prøv fruktig carménère frå Chile eller ein saftig pinot noir frå USA eller New Zealand.

Tips! La raudvinen liggje i kjøleskapet fram til han skal drikkast. Då blir han ekstra frisk og fruktig, og det tek lengre tid før han blir varm i sola. 

 

Oppskrift på spareribs med tilbehøyr

Tynnribbe. Rekn 400 g ribbe per person.

Grillsaus

  • 3 dl ketsjup
  • 3 dl cola
  • 1 løk, grovhakka
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ms soyasaus
  • 1 chipotle (ev. 1 raud chili)
  • tabascosaus 

Sausen kan òg tilsetjast andre krydder etter eige ønske, for eksempel eplesidereddik, ingefær, laurbærblad, kummin, nellik, kanel, kakao, kaffi eller røykprega whisky.

Slik gjer du

Bland alle ingrediensane til sausen i ei gryte. La det småkoke i 10–15 minutt til det har tjukna. Køyr sausen jamn med ei stavmiksar. Smak til. Hell sausen over på reine glas eller flasker, og set i kjøleskapet. Sausen held seg i kjøleskapet i fleire månader. 

Legg ribba i ei gryte med salta vatn, og la ho trekkje i 1 ½–2 timar. Ho skal vere mør tvers igjennom når ho er ferdig. Avkjøl, men før ho er heilt kald, fjernar du svoren og deler ribba opp i porsjonsstykke. 

Gni inn stykka med olje, salt og pepar. Grill dei først på direkte varme i nokre minutt på kvar side til dei har får ein brunleg farge. Pensle alle sidene godt med sausen, og grill dei vidare på indirekte varme med lokket på i 10–15 minutt. Server med resten av sausen. 

Kålsalat

  • ½ nykål
  • 3 gulrøter
  • 1 dl majones
  • 1 dl crème fraîche
  • 1 ms sitronsaft
  • salt og pepar

Riv gulrøtene grovt på eit rivjern, og finsnitt kålen. Bland resten av ingrediensane godt før du vender inn grønsakene. Ha gjerne i friske urter, for eksempel grasløk, persille, kjørvel eller estragon. 

Grilla maiskolbar og bakte poteter smakar og godt til.