Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Start ein ølklubb og smak øl saman

Det er vanskeleg å diskutere med seg sjølv. Er de fleire, vil de fort finne ut at de opplever øl forskjellig og legg vekt på ulike ting. Somme har kanskje ord for det du ikkje klarte å setje fingeren på. Her er nokre tips om de vil prøve øl saman.

Tekst:
Vinmonopolet

foto

Foto:

Smak blindt og lær meir

Dette er kanskje det viktigaste tipset av dei alle. Når de ikkje veit kva det er de har i glasa, er det lettare å vurdere ølet utan fordommar og forventningar. Stol på deg sjølv og det du kjenner – ikkje etiketten. Kanskje får du deg ei overrasking. 

 

Slik forebur du blindsmaking

 

Sørg for at dei andre ikkje ser kva øl dei blir servert. Du kan anten dekkje til flaskene med aluminiumsfolie, nokre reine sokkar, eller du kan skjenkje ølet over på ein karaffel eller i ei mugge.
 
 

Det kan vere lurt a spytte

 

Skal de prøve mange øl er det lettere å holde konsentrasjonen oppe om de spytter underveis. Bruke en liten bøtte, krukke eller en kopp. Ordentlige spytt-bakker får ein kjøpt i mange butikker som selger kjøkkenutstyr
 
 

Vinglas

 
Ja, du las rett. Halvlitersglaset duger ikkje her. Bruk glas med tulipanform, så blir det lettare å kjenne lukta av ølet. Skyl glasa med vatn før du bruker dei. Innimellom kan det lukte litt av glas som har stått lenge i skapet. Det er fint om du har fleire glas til kvar enkelt som skal smake. Då kan de samanlikne øla de prøver, undervegs.
 
 

Bare litt øl i glaset er nok

 

Til smakinga treng du berre 4–5 cl øl i glaset. Ei halvliters flaske rekk dermed til ti personar når de berre skal smake.
 
 

Unngå sterke lukter

 

Det er ikkje lett å høyre kva nokon seier, når du sit i eit rom der det blir spelt høg musikk. Slik er det òg med lukter. Det er ikkje lett å kjenne kva ølet luktar, om det dunstar av parfyme, steikjeos eller røyk rundt deg. Gi beskjed til gjestene dine før smakinga, så slepp du å be dei gå på badet for å vaske av seg parfymen.
 
Vil du lære mer om å smake øl kan du laste ned brosjyren Bli ein ølsmakar, eller du kan få han gratis i butikkane våre.